Epletre

lauvfellande frukttre i rosefamilien
Epletre
Epletre
Epletre
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Eplefamilien Maloideae
Slekt: Epleslekta Malus
Art: Epletre M. domestica
Vitskapleg namn
Malus domestica

Epletre eller apal (Malus domestica[1]) er eit utbreidd frukttre som i tillegg til i hagar og frukthagar òg finst forvilla i hekkar og skogbryn. Det har gule, raude eller grøne frukter, eple, som til skilnad frå villeple alltid er over 3 centimeter i diameter. Treet er utan tornar.

SkildringEndra

 
Gammal torsteinsapal i bløming.

Epletre er eit mellomstort, lauvfellande tre med ei rund, tettgreina krone. Stammen er ganske kort, og hovudgreinene er store med mange sidegreiner. Kortskota kan verta torneaktige (uten å vera heilt tornete). Borken er først raud med gråleg hårdekke, i det minste på den ytste halvdelen av skota. Seinare blir borken gråbrun med lyse korkporer. Til sist er han grå og oppsprekkande i smale furar. Knoppane er spreidde, avrunda og raude med grått hårdekke.

Blada er ovale til eggforma eller nesten runde med ein rundtakka kant. Stilken er kort. Oversida er mørkegrøn og lett håra i byrjinga, medan undersida er grå av det tette hårdekket. Blomsterknoppar finst berre på dei knudrete kortskota (fruktsporar), og dei er heilt dekte av grå hår. Bløming skjer i mai månad, der dei kvite til svakt rosa blomane sit i små buntar på 4-5 blomar. Fruktene, eple, er hjelpefrukter som kan vera er grøne, gule, raude eller ei blanding av desse fargane.[2] Frøa spirer lett, men dei gjev typisk tre som berre i lita grad liknar foreldreplantane. Triploide sortar (som 'Belle de Boskoop' og 'Bramley Seedling') set ikkje frø.

Rotnettet og veksten til treet er avhengig av kva grunnstamme ein bruker. 'M27' har ei svært svak rot, 'MM106' har ei mellomsterk rot, og villstammer dannar kraftige røter. Villstammerota dannar eit rotnett av få, men store hovudrøter som går langt ned og ut. Siderøter og finrøter ligg høgt i jorda. Treet skapar jordtrøttleik.

Typisk høgd × breidd og årleg tilvekst er 12 × 6 m (30 × 20 cm/år).

VeksestadEndra

Det finst ei rekkje ulike sortar epletre som resultat av fleire hundreår med utval og kryssing. Treet har altså ingen heimstad, men dei ville stamformene høyrer alle heime i den blanda lauvskogen frå Aust-Europa over Vesleasia og Kaukasus til Elburzfjella og Sentral-Asia. Nye undersøkingar tyder overtydande på at eple har opphavet sitt i Kasakhstan, der ein også finn den største genetiske variasjonen.[3] Alle desse stadane føretrekk villformene til treet ein jordbotn som er rik på humus og mineral, og som er konstant fuktig.

KjelderEndra

  1. Applequist, Wendy L. (2017), «Report of the Nomenclature Committee for Vascular Plants: 69», Taxon 66 (2): 500–513, doi:10.12705/662.17 
  2. Bratberg, Even; Vik, Unni; Lofthus, Øystein (16. februar 2021). «eple». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. Wojciech J. Janisiewicz, Robert A. Saftner, William S. Conway og Philip L. Forsline: Preliminary Evaluation of Apple Germplasm from Kazakhstan for Resistance to Postharvest Blue Mold in Fruit Caused by Penicillium expansum i The American Society for Horticultural Science, 2008, 43 side 420-426. Se et abstract online

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Epletre