Opna hovudmenyen
Mausundvær.
Mausund med brua til Aursøya i forgrunnen.

Mausund eller Mausundvær, er ein tettstad og øygruppe i Frøya kommune i Trøndelag. Sjølve tettstaden Mausund er ligg på Måøya og Gårdsøya, men med i tettaden vert òg innbyggjarane Litle og Storaursøya og Geitøya rekna med, til saman vel 250 innbyggjarar (2005). Øyane er knytt saman med bru og veg. I daglegtale nyttar innbyggjarane sjølv Maus'n om heimstaden sin.

Mausund er det mest folketette området i øyrekka utanfor Frøya, som strekkjer seg frå Sula i sør til Halten i nord, ein avstand på 40 nautiske mil.

Mausund har barne- og ungdomsskole, idrettsanlegg og dugnadsbygd symjehall, i tillegg til fiskemottak.

Det er funne spor etter steinalderkultur på staden, og ein veit at 11 gardar var i drift på staden rundt år 1000. Fra 1800-talet voks folketalet langs heile kysten, ein vekst som varte til etter den andre verdskrigen.

I likskap med mange fiskevær hadde òg Mausund sine væreigarar. frå 1537 var Kongen eigar av fiskeværet, men i 1660 vart det seld til Gertrud Rosing Parelius og Rasmus Rosing Parelius. I 1792 vart Mausund seld til Kock-familien, som òg eide naboværet Sula. I 1820 overtok Parelius-familien igjen. I 1850 overtok kjøpmann Astrup frå Kristiansund været og han vart òg den siste væreigaren. Ved folketeljinga i 1875 var det 293 innbyggjarar på staden. I 1901 var tMausund seld og 14 av oppsittarane fekk kjøpe sine eigne eigedomar.

Etter den andre verdskrigen fekk Mausund ein økonomisk oppsving. Svikten i sildefisket på 60-talet vart delvis kompensert med anna fiske til lokal næringsmiddelindustri. Midt på 70-talet vart det stans i eksporten av tørrfisk til Nigeria, saltfisk til Brasil, samt at sjøfisket etter laks vart regulert. På toppen var den generelle sesongen med fiske etter kvitfisk dårleg to år på rad. Dette førte til igangsetting av fleire offentleg og private prosjekter, mellom anna skuleutbygging.

Mausundaksjonen i 1976 var ein reaksjon mot reguleringa av sjøfisket etter laks, men aksjonen fekk ikkje støtte frå omverda og vart avblåst. Han vart derimot starten på avfolkinga av været, sidan laksefisket var det økonomisk viktigaste for fiskarane på staden.

Mausund har hurtigbåtsamband til Sula, Froan og Halten, samt til Frøya og frå der vidare til Trondheim. 3. mai 2006 vart det opna ferjesamband frå Dyrøya på fast-Frøya til Mausund og Sula.

BakgrunnsstoffEndra