Bismuthinitt

(Omdirigert frå Vismutglans)

Bismuthinitt eller vismutglans er ein relativt sjeldan vismuterts, med blygrå til tinnkvit farge og metallisk glans. Mineralet består av vismut og svovel Bi2S3 og krystalliserer rombisk, isomorf med stibnitt (antimonglans). Det er den viktigaste vismutmalmen med førekomstar i Bolivia.

Bismuthinitt
Bismuthinite (Llallagua, Bolivia) 1 (18904230876).jpg
Bismuthinitt frå Llallagua i Bolivia
Generelt
KategoriSulfidmineral
Kjemisk formelBi2S3
Strunz-klassifisering02.DB.05a
Identifikasjon
FargeBlygrå til tinnkvit, med ein gulaktig eller iriserande mattheit.
KrystallformTynn prismatisk til nålforma, massive lamellar
KrystallsystemOrtorombisk - Dipyramidal 2/m 2/m 2/m
Kløyv[010] perfekt
BrotSprø - kan skjerast
Mohs hardleiksskala2
GlansMetallisk
StrekfargeBlygrå
Spesifikk vekt6.8 - 7.2
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparUgjennomsiktig
Kjelder[1][2][3]

Det finst fleire stader i Noreg, mellom anna i kontaktsonene til Oslofeltet (Kjenner i Lier i Buskerud, no nedlagd gruvedrift), i ertsførekomstar i Telemark (Gjuv i Hjartdal, Bleka gullgruve i Svartdal), i granittpegmatittar (Evje og Iveland i Aust-Agder), i greisen (Thoreby i Varteig i Østfold) og på kvartsgangar (Sandøya i Hvaler i Østfold).

KjelderEndra

  • Bismuthinitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014.