Vita Pavlysj, fullt namn Viktorija Anatolivna Pavlysj, (fødd 15. januar 1969) er ein ukrainsk tidlegare kulestøytar frå Kharkiv. Ho vart europameister i øvinga i 1994 og 1998. Etter å ha vorte dopingdømd for andre gong i 2004 vart Pavlysj nekta å delta i friidrett for all framtid.

Vita Pavlysj
Statsborgarskap Ukraina
Fødd 15. januar 1969 (55 år)
Kharkiv
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Aktiv endre

Pavlysj gjekk heilt til topps i EM 1994, 12 cm framom tyske Astrid Kumbernuss. Tre år seinare var rollene omsnudd under VM 1997 i Athen. Kumbernuss støytte fem cm lengre enn Pavlysj i deira respektive bestestøyt, dei to var elles i ei klasse for seg. Ved friidretts-EM 1998 i Budapest den 20. august 1998 var Pavlysj fullstendig suveren, med sitt livs lengste støyt på 21,69 meter hadde ho ein sigersmargin på nesten to meter til sølvvinnaren.

Både i 2001 og 2003 tok Pavlysj bronsen i kulestøyt i friidretts-VM. I det mellomliggjande 2002 sikra ho seg sølvmedaljen i europameisterskapen.

Doping endre

I 1999 mista Pavlysj gullmedaljen ho fekk tildelt i innandørs-VM, etter å ha testa positivt på det forbodne stoffet stanozolol. Ho vart samstundes nekta starte i friidrettstevlingar dei neste to åra. Nær fem år etter ho vart dopingdømd, vann ho kuleøvinga også i Innandørs-VM 2004, men vart atter ein gong hekta for bruk av dopingmiddel. Ho vart då stengd ute frå friidrett på livstid.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre