Nadzeja Ostaptsjuk

Nadzeja Ostaptsjuk (fødd 12. oktober 1980) er ein kviterussisk tidlegare friidrettsutøvar frå Stolin-distriktet i det sørvestlege Kviterussland. Ho tok gullmedaljen i kuletevlinga ved friidretts-VM 2005 og vart europameister i kulestøyt i 2010. I 2014 vart ho frådømd VM-gullet 2005.

Nadzeja Ostaptsjuk


Statsborgarskap Belarus
Fødd 28. oktober 1980 (43 år)
Vialikija Arly
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Aktiv endre

Ostaptsjuk tok steget opp i verdseliten i kulestøyt allereie då ho var 20 år gammal. Ho tok si fyrste internasjonale medalje under VM 2003, ein sølvmedalje. Året etter vart ho nummer fire i kule då tevlinga fann stad på historisk grunn i Hellas.

Med eit bestestøyt på 20,51 m vann Ostapsjuk kuletevlinga i verdsmeisterskapen i Helsinki i 2005, heile 87 m framom Olga Rjabinkina frå Russland, men resultatet altså annullert i 2014. Også ein sølvmedalje frå EM 2006, der ho hamna centimeteren bak vinnaren, vart annullert i 2014, basert på at ho skulle ha vore utestengd frå 2005.

Under VM 2007 i Osaka landa kula til Ostapsjuk på 20,48 m, seks små cm bak gullstøytet til Valerie Vili frå New Zealand. Etter å ha teke bronse i OL 2008 (annullert i 2017) deltok Ostaptsjuk lite i store internasjonale stemne i 2009. I 2010-sesongen støytte ho 21,70 m innandørs i Mahiljow og ho vann også innnandørs-VM. Utover i sesongen vann ho alle seks kuletevlingane i Diamond League-stemna og var heilt suveren i europameisterskapen i Barcelona. Året etter kom ho på sølvplassen under VM 2011, men var over meteren bak Valerie Vili.

Ostapsjuk sette personleg rekord med 21,58 meter i eit stemne i Minsk i juli 2012. Nokre veker seinare kleiv ho til topps på sigerspallen under Sommar-OL i London, men der viste det seg straks at ho var dopa.

Doping endre

Urinprøva til Ostapsjuk under London-OL 2012 viste spor etter dopingmiddel, og ho vart fråteken gullmedaljen. I 2014 vart hennar medaljeprestasjonar frå 2005 og 2006 annullerte og 2017 annullerte den internasjonale olympiske komite OL-medaljen frå 2008.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre