Vitim (russisk Витим) er ei av dei største elvane i Aust-Sibir i Russland og ei av sideelvane til Lena frå høgre. Ho oppstår der Vitimkan og Tsjiny renn saman.

Vitim
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 225 000 km²
Lengd 1 978 km
Middelvassføring 1 520 /s
Kjelde Der Vitimkana og Tsjiny renn saman.
Munning Lena
Kart
Vitim
59°27′10″N 112°35′49″E / 59.45277778°N 112.59694444°E / 59.45277778; 112.59694444
Kart som viser Vitim.
Kart som viser Vitim.
Kart som viser Vitim.
Wikimedia Commons: Vitim River

Vitim renn først ned Iktaskogofjellet aust for Bajkalsjøen og går i ein stor boge rundt Vitmimskoje-platået og gjennom Transbajkalfjella. Ho har ei lengd på 1837 km, og inkludert Vitimkan er ho 1978 km lang. Elva renn først gjennom Burjatia og så langs grensa mellom Burjatia og Tsjita oblast, før ho renn inn i Irkutsk oblast. Vitim kan nyttast til skipsfart frå Bodajbo og ned til Lena.

Av byar langs Vitim finn ein Bodajbo. I nedslagsfeltet til elva er det gjort funn av jadem gull og glimmer.

Av sideelvar finn ein Konda, Karenga, Kalakan, Kalar, Bodajbo frå høgre, og Tsipa, Muja, Mamakan og Mama frå venstre.

Baissa, ein kjend stad for fossile insekt, ligg på venstresida av Vitim.

Vitim-hendinga

endre
For meir om dette emnet, sjå Vitim-hendinga.

25. september 2002 oppstod ei mystisk hending i nedslagsfeltet til Vitim, nær byen Bodajbo. Hendinga vart truleg årsaka av ein bolid eller ein komet og var særs llik Tunguska-hendinga.

Kjelder

endre