Vjosa Osmani
Vjosa Osmani-Sadriu (fødd 17. mai 1982 i Mitrovica) er ein kosovisk jurist og politikar som 4. april 2021 blei vald til president i Kosovo. Før dette var ho president i den kosoviske nasjonalforsamlinga, og i kraft av dette vervet var ho fungerande president i Kosovo frå 5. november 2020. Ho er professor i juss ved Universitetet i Priština og gjesteprofessor ved Universitetet i Pittsburgh. Ho tilhøyrde det sentrum-høgreorienterte partiet Lidhja Demokratike e Kosovës (LKD) og var statsministerkandidat for partiet ved parlamentsvalet i Kosovo i 2019.[1] Før presidentvalet i 2021 braut ho ut av LDK og stifta partiet Guxo (‘tør!’) som stilte felles valliste med sentrum-venstrepartiet Vetëvendosje.[2]
Vjosa Osmani | |||
| |||
Fødd | 17. mai 1982 (42 år) Mitrovica | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Kosovo | ||
Yrke | jurist, politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Priština University of Pittsburgh School of Law | ||
Alle verv |
Biografi
endreOsmani-Sadriu er fødd 17. mai 1982 i Mitrovica i det dåverande Jugoslavia og seinare del av Kosovo. Ho har mastergrad og doktorgrad i juss frå Universitetet i Priština og har undervist i internasjonal rett og statsrett både i Priština og ved Universitetet i Pittsburgh. Ho er leiar for utanrikskomitéen til nasjonalforsamlinga og har også hatt leiarverv i andre komitéar. I tillegg til morsmålet snakkar ho engelsk, tyrkisk, spansk og serbisk, og ho har gjeve ut ei rekkje bøker innanfor sitt juridiske fagfelt.
Osmani er gift og har to barn.[1]
Politisk karriere
endre27. august 2009 blei Osmani utnemnd til stabsleiar for president Fatmir Sejdiu. I 2019 blei ho vald inn til sin tredje periode i nasjonalforsamlinga. Politisk er ho kjend for sitt engasjement for sjølvstendet til Kosovo.[1]
I 2019 var Osmani statsministerkandidat for partiet sitt Lidhja Demokratike e Kosovës og ho meinte landet var modent for ein kvinneleg statsminister. I valkampen la ho vekt på å kjempe imot korrupsjon og å fremje marknadsreformar.[3][4]
Den 4. april 2021 valde nasjonalforsamlinga Osmani som landets president. Valet av Osmani var lenge truga av ein boikott i parlamentet. Til slutt blei ho likevel vald av 71 av 120 medlemmar i parlamentet. 82 medlemmar var til stades under avrøystinga og 11 av dei gav ugyldige røyster.[5][6]
Ved valet av Osmani hadde Kosovo stått utan president sidan 2020, då Hashim Thaçi blei tiltalt for krigsbrotsverk. Osmani vikarierte i vervet i kraft av å vere president i nasjonalforsamlinga.[6]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Vjosa Osmani, femra e parë si kandidate për kryeministre, e diplomuar në SHBA». Vlora News. 25. august 2019.
- ↑ «Këta janë 7 deputetët e listës "Guxo" të Vjosa Osmanit». Gazeta Blic (på al). 4. mars 2021. Arkivert frå originalen 28. mars 2021. Henta 11. mai 2021.
- ↑ «Kosovo to Elect New Parliament Amid Anger Over Graft, Unemployment». Reuters. 1. oktober 2019.
- ↑ Maja Zivanovic; Perparim Isufi (7. oktober 2019). «Opposition Vetevendosje Party Triumphs in Kosovo Election». Balkan Insight.
- ↑ «Kosovo's Parliament Elects Reformist Lawyer Osmani As President». RadioFreeEurope/RadioLiberty (på engelsk). Henta 5. april 2021.
- ↑ 6,0 6,1 SPIEGEL, DER. «Kosovo: Vjosa Osmani zur Präsidentin gewählt». www.spiegel.de (på tysk). Henta 5. april 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Vjosa Osmani» frå Wikipedia på bokmål, den 21. mars 2024.