Vladimir Dubrovsjtsjik

Vladimir Vladimirovitsj Dubrovsjtsjik[a] (fødd 7. januar 1972) er ein kviterussisk tidlegare diskoskastar som vart europameister i 1994 og tok sølvmedaljen både under VM 1995 og OL 1996. Det lengste kastet hans er på 69,28 m og frå 2000.

Vladimir Dubrovsjtsjik
Statsborgarskap Belarus, Sovjetunionen
Fødd 7. januar 1972 (52 år)
Hrodna
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Aktiv endre

Dubrovsjtsjik vann gullmedaljen i diskoskast under EM i friidrett 1994. Med 64,78 m i sitt beste kast, vann han han ei jamn tevling med ein margin på 22 cm til russaren Dmitrij Sjevtsjenko som tok sølv og tyske Jürgen Schult på bronseplass med 64,18 m. Dubrovsjtsjik vart den fyrste frå Kviterussland som vart europameister i friidrett. Året etter fekk han sølvmedaljen under friidretts-VM i Göteborg med 65,98 m, Lars Riedel frå Tyskland vann ein klar siger med 68,76 m, medan Dubrovsjtsjik sin kandsmann Vassil Kapzjukh fekk bronse med 65,88 m.

Sølv vann Dubrovsjtsjik også under dei olympiske leikane 1996 i Atlanta. Med 66,60 m hamn også her langt bak Riedel på 69,40 m, men føre bronsevinnar Kapzjuch på 65,80 m. Ved VM 1997 i Aten hamna Dubrovsjtsjik på fjerdeplassen med eit kast på 66,12 m, to centimeter bakom bak bronsemannnen Jürgen Schult frå Tyskland. I universiaden 1997 gjekk Dubrovsjtsjik heilt til topps i diskos-tevlinga.

I dei neste store meisterskapane; EM 1998, VM 1999 og OL 2000 vart Dubrovsjtsjik høvesvis nummer seks, seks og sju i diskoskasting etter bestekast på kring 64-65 meter.

Dubrovsjtsjik vart kviterussisk meister i diskoskasting i åra 1993-96, samt 1999. Det lengste kastet hans er på 69,28 m og vart oppnådd i Minsk 3. juni 2000. Han la opp etter 2001-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Merknadar endre

  1. Kyrillisk skrift Владимир Владимирович Дубровщик

Kjelder endre