Vladimir Trusenjov

Vladimir Trusenjov (russisk: Владимир Иванович Трусенёв) (3. august 19312001) var ein sovjetisk friidrettsutøvar frå Buinsk i Tatarstan. Han tevla jamnast i diskoskast, men deltok også i kulestøyt. Trusenjov vart europameister i diskoskast i 1962, same året som han sette verdsrekord. Hans personlege rekordar er 61,64 m i diskoskast, og 16,80 m i kulestøyt.

Vladimir Trusenjov
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 3. august 1931
Buinsk
Død

2001 (69 år)

Yrke friidrettsutøvar
Språk russisk
Høgd 191 centimeter

Aktiv endre

Åra 1956 til -58 vart Trusenjov høvesvis nummer fire, tre og to i diskos-øvinga i den sovjetiske meisterskapen. I 1958 var han nær ved å vinne diskos-tevlinga i europameisterskapen. Med 53,74 m vart han nummer tre i kampen om meistertittelen, berre 18 centimeter bakom vinnaren Edmund Piątkowski frå Polen, og åtte centimeter bak bulgararen Todor Artarski. I 1960 vart Trusenjov nummer fem i den sovjetiske meisterskapen, men fekk likevel representere Sovjetunionen under dei olympiske leikane i Roma, der han vart nummer 15.

1962-sesongen vart Trusenjovs beste sesong. Den 4. juni 1962 sette han ny verdsrekord i Leningrad med 61,64 meter. Dermed slo han Al Oerter sin verdsrekord med 54 centimeter. Men allereie 1. juli tok Oerter tilbake verdsrekorden med eit kast på heile 62,45 meter. Etter Trusenjov hadde vorte sovjet-meister for fyrste gong, måtte han sjå seg slått av både Al Oerter og Rink Babka i landskampen mellom Sovjetunionen og USA. Derimot lukkast han september, under friidretts-EM 1962 i Beograd å vinne ein klar siger med 57,11 m, over ein meter framom Kees Koch frå Nederland.

Trusenjov vart i 1964 sovjetmeister for andre gong, og kom på åttandeplass under Sommar-OL i Tokyo med 54,78 meter. Både i 1965 og 1966 vart han på ny sovjetisk meister, men mislukkast i kvafiseringa under EM 1966 i Budapest og måtte sjå finalen frå triuneplass. Han la opp etter 1968-sesongen. Seinare verka han som friidrettstrenar fram til 1996.[1]

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

  1. Трусенев Владимир Иванович (1931–2001). nekropol-spb.ru