Volodymyr
Volodymyr er ein by i Volyn oblast nordvest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Volodymyr-Volynskyo rajon, medan sjølve byen har status som eit eige rajon i oblastet. Byen er det historiske senteret i regionen Volhynia og den historiske hovudstaden fyrstedømet Volhynia. Byen har kring 40 000 innbyggjarar (2012). Fram til 2021 hadde han namnet Volodymyr-Volynskyi (ukrainsk Володи́мир-Воли́нський).
Volodymyr | |||
Володимир | |||
by | |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
oblast | Volyn oblast | ||
Høgd | 174 moh. | ||
Koordinatar | 50°50′53″N 24°19′20″E / 50.84806°N 24.32222°E | ||
Areal | 16,47 km² | ||
Folketal | 38 688 (2012) | ||
Folketettleik | 2 349 / km² | ||
Grunnlagd | 900-talet | ||
• Magdeburgrettar | 20. juli 1324 | ||
Borgarmeister | Peter Shanyk | ||
Postnummer | 44700-44709 | ||
Retningsnummer | +380 3342 | ||
Volodymyr-Volynskyj 50°50′53″N 24°19′20″E / 50.848056°N 24.322222°E | |||
Kart som viser Volodymyr.
| |||
Wikimedia Commons: Volodymyr | |||
Nettstad: http://www.volodymyrrada.gov.ua/ |
Namn
endreByen er kalla opp etter fyrst Vladimir den store, som var fødd i nærleiken. Namnet vart seinare også forkorta til Lodymyr, og på latin var han kjend somLodomeria. Frå 1911 fekk han namnet Volodymyr-Volynsk for å skilja han frå Vladimir-na-Kliazme i Russland.[1] I 1944 vart namnet offisielt modernisert til Volodymyr-Volynskyi.
1. oktober 2021 avgjorde bystyret at namnet skulle kortast ned til berre Volodymyr.[2] Namneendringa måtte stadfestast av dei nasjonale styresmaktene, og parlamentet Verkhovna Rada godkjende henne 14. desember 2021.[1]
Gjennom historia har byen vore kjend under ulike namn:
- tysk Wladimir-Wolynsk
- latin Lodomeria
- gammalkyrkjeslavisk: Владимиръ/Ладимиръ, romanisert Vladimir/Ladimir
- gammalaustslavisk/rutensk: Володимѣрь/Лодимиръ, romanisert Volodimǐr/Lodymyr
- polsk Włodzimierz/Włodzimierz Wołyński
- russisk Влади́міръ/Влади́міръ-Волы́нскъ/Влади́мир-Волы́нск/Влади́мир-Волы́нский
- ukrainsk Володимир/Володимир-Волинськ/Володимир-Волинський, romanisert Volodymyr/Volodymyr-Volynsk/Volodymyr-Volynskyi
- jiddisk לודמיר, romanisert Ludmir
Historie
endreByen er ein av dei eldste i Rutenia og vart truleg grunnlagd på 900-talet. Dei første skriftlege kjeldene som nemner byen er frå 988. I 1366 vart byen polsk, og han låg under Polen-Litauen fram til 1795. Byen vart så russisk, før han etter Den polsk-sovjetiske krigen kom under Polen igjen i 1919. I 1939 vart Volodymyr-Volynskyj innlemma i Ukrainske SSR og Sovjetunionen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Volodymyr-Volynskyi» frå Wikipedia på engelsk, den 30. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «The council renamed Volodymyr-Volynsky, the Russian city Vladimir is against», Ukrayinska Pravda (på ukrainsk), 14. desember 2021
- ↑ Володимир-Волинський хоче називатися Володимиром. Чому нервують у Росії? [Volodymyr-Volynskyi wants to be called Volodymyr. Why are they nervous in Russia?]. Radio Svoboda (på ukrainsk). Henta 9. oktober 2021.