Volodymyr

(Omdirigert frå Volodymyr-Volynskyj)

Volodymyr er ein by i Volyn oblast nordvest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Volodymyr-Volynskyo rajon, medan sjølve byen har status som eit eige rajon i oblastet. Byen er det historiske senteret i regionen Volhynia og den historiske hovudstaden fyrstedømet Volhynia. Byen har kring 40 000 innbyggjarar (2012). Fram til 2021 hadde han namnet Volodymyr-Volynskyi (ukrainsk Володи́мир-Воли́нський).

Volodymyr
Володимир
by
WladimirWolynsk Uspenski Cathedral.jpeg
flagg
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
oblast Volyn oblast
Høgd 174 moh.
Koordinatar 50°50′53″N 24°19′20″E
Areal 16,47 km²
Folketal 38 688 (2012)
Folketettleik 2 349 / km²
Grunnlagd 900-talet
 - Magdeburgrettar 20. juli 1324
Borgarmeister Peter Shanyk
Postnummer 44700-44709
Retningsnummer +380 3342

Volodymyr-Volynskyj
50°50′53″ N 24°19′20″ E
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Volodymyr
Nettstad: http://www.volodymyrrada.gov.ua/

NamnEndra

Byen er kalla opp etter fyrst Vladimir den store, som var fødd i nærleiken. Namnet vart seinare også forkorta til Lodymyr, og på latin var han kjend somLodomeria. Frå 1911 fekk han namnet Volodymyr-Volynsk for å skilja han frå Vladimir-na-Kliazme i Russland.[1] I 1944 vart namnet offisielt modernisert til Volodymyr-Volynskyi.

1. oktober 2021 avgjorde bystyret at namnet skulle kortast ned til berre Volodymyr.[2] Namneendringa måtte stadfestast av dei nasjonale styresmaktene, og parlamentet Verkhovna Rada godkjende henne 14. desember 2021.[1]

Gjennom historia har byen vore kjend under ulike namn:

  • tysk Wladimir-Wolynsk
  • latin Lodomeria
  • gammalkyrkjeslavisk: Владимиръ/Ладимиръ, romanisert Vladimir/Ladimir
  • gammalaustslavisk/rutensk: Володимѣрь/Лодимиръ, romanisert Volodimǐr/Lodymyr
  • polsk Włodzimierz/Włodzimierz Wołyński
  • russisk Влади́міръ/Влади́міръ-Волы́нскъ/Влади́мир-Волы́нск/Влади́мир-Волы́нский
  • ukrainsk Володимир/Володимир-Волинськ/Володимир-Волинський, romanisert Volodymyr/Volodymyr-Volynsk/Volodymyr-Volynskyi
  • jiddisk לודמיר‎‎, romanisert Ludmir

HistorieEndra

Byen er ein av dei eldste i Rutenia og vart truleg grunnlagd på 900-talet. Dei første skriftlege kjeldene som nemner byen er frå 988. I 1366 vart byen polsk, og han låg under Polen-Litauen fram til 1795. Byen vart så russisk, før han etter Den polsk-sovjetiske krigen kom under Polen igjen i 1919. I 1939 vart Volodymyr-Volynskyj innlemma i Ukrainske SSR og Sovjetunionen.

KjelderEndra