Volvo BM BV202
Volvo BM BV202 er eit amfibisk rammestyrt beltedrivi terrengkøyretøy produsert av AB Bolinder-Munktell i Arvika.
Oppbygging
endreBV202 har dei fleste komponentane frå Volvo. Krafta frå motoren overførast via girkassa og den ekstra girkassa vidare via mellomakslar til belta på både framvogna og bakvogna. Belta er av gummi innvendig forsterka med stål. Køyretøyet er rammestyrt, via hydrauliske sylindrar mellom fram- og bakvogn. Framvogna kan ikkje fråkoplast bakvogna og brukast på eigenhand, da ho ikkje ville ha vore i stand til å styre.
Volvo BM BV202 har vore i militær teneste i Sverige, Noreg (–2000?), Nederland, Canada og Storbritannia (1962–1981).
BV202N | BV202NF1 | |
---|---|---|
Felles | ||
Motor: | Volvo B18B | Volvo B20B |
Slagvolum: | 1,78 l | 1,986 l |
Kompresjon: | 8,7:1 | |
Effekt: | 82,5 hk (60,7 kW) v/5300 o/min. | 97 hk (71,4 kW) v/5300 o/min. |
Forgassar | To stk. SU-HS6 | To stk. SU-HS6 (modifisert) |
Dreiemoment: | 128 Nm v/3500 o/min. | 145 Nm v/3500 o/min. |
Elektrisk: | 24 volt | |
Hovudgirkasse: | Volvo M400 | ZF S4-18/3 |
Ekstra girkasse: | Volvo G5 | Volvo G5 (modifisert) |
Drivakslingar: | Salisbury 5 HA | |
Styring: | Mekanisk med hydraulisk servo | Hydrostatisk |
Mannskap: | Vognførar og vognkommandør framme, åtte mann i bakvogna | |
Lengde: | 6175 mm | |
Breidd: | 1760 mm | |
Høgde: | 2210 mm | |
Bakkeklaring: | 280 mm | |
Vekt: | 3200 kg | |
Last: | 1000 kg | |
Varme i bakvogna: | Ingen | Eberspächer B4L-24V (4300 W) |
Hastighet: | 39 km/t | |
Drivstofftank: | 2·78 l | |
Rekkevidd: | 200 til 400 km avhengig av underlaget |
Variantar
endre- BV202N
- BV202NF1
- Radiobandvagn 203
Kjelder
endre- Teknisk håndbok: Beltevogn, rammestyrt, BV 202N og BV 202NF1, Hærens forsyningskommando 1977
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Volvo BM BV202
- Bildegalleri[daud lenkje]
- Noen norske militære skjema for BV202 Arkivert 2005-05-06 ved Wayback Machine.