Opna hovudmenyen

Voss stasjon

stasjon på Bergensbanen

Voss stasjon er den viktigaste jarnbanestasjonen i Voss kommune i Hordaland. Den ligg på Bergensbanen og var endestasjon då Vossebanen vart opna i 1883. Då Bergensbanen til Oslo vart opna av Kong Haakon VII i 1909 fann den offisielle markeringa stad ved denne stasjonen. Stasjonen ligg på Vossavangen, på nordaustre kant av Vangsvatnet, 56,5 meter over havet.

Voss stasjon
Voss Station.jpg
Voss stasjon
Foto: Alasdair McLellan, 2007
Stasjonsområde
Stad Vossavangen
Koordinatar 60°37′44″N 6°24′36″EKoordinatar: 60°37′44″N 6°24′36″E
Distanse 385,32 km. frå Oslo
Høgd 56,5 moh.
Opna 1883
Arkitekt Paul Due
Linjer og rutedrift
Linje(r) Vossebanen (1883-1904)
Bergensbanen (1909-i dag)
Hardangerbana (1935-1985/89)
Operatør(ar) NSB
Overgang
Plassering
Voss stasjon is located in Hordaland

Stasjonen var tidlegare utgangspunktet for sidelinja Hardangerbana som gjekk til Granvin men dette sporet var lagt ned for passasjertrafikk i 1985 (og heilt nedlagt i 1989). Dei fleste lokaltoga vest på Bergensbanen som går lengre enn Bergen-Arna har sin endestopp ved Voss, sjølv om nokre lokaltog går vidare til Myrdal.

Stasjonsbygningen som vart bygd til opninga av Vossebanen i 1883 var ein trebygning teikna av Baltazar Lange. Denne vart for liten og vart riven og flytt til Dale stasjon. I staden vart det bygd ein større mura stasjonsbygning til opninga av Bergensbanen. Denne var teikna av Paul Due

Frå opninga av Bergensbanen i 1909.

BakgrunnsstoffEndra