Dale stasjon
Dale stasjon ligg i Dale i Vaksdal kommune i Vestland og er ein stasjon på Bergensbanen. Han vart opna i 1883 som del av Vossabanen. I tillegg til lokaltoga på strekkja Bergen-Voss-Myrdal stoppar nokre fjerntog ved stasjonen.
Dale stasjon | |
Stasjonsområde | |
---|---|
Stad | Dale, Vaksdal (Vestland) |
Koordinatar | 60°35′11″N 5°48′56″E / 60.58639°N 5.81556°E |
Distanse | 425,29 km frå Oslo |
Høgd | 43,4 moh. |
Opna | 1883 |
Arkitekt | Balthazar Lange |
Linjer og rutedrift | |
Linje(r) | Bergensbanen |
Eigar(ar) | Bane NOR |
Operatør(ar) | Vy Tog |
Overgang | |
Dale ligg mellom Bolstadøyri stasjon og Stanghelle stasjon, 425,29 km frå Oslo.
Stasjonsbygningen som vart reist til opninga av Vossabanen vart teikna av Balthazar Lange, og vart oppført etter ein typeteikning kalla fjerde klasse som også vart nytta til Nesttun stasjon (sidan flytt til Ygre stasjon), Haukeland stasjon, Arna gamle stasjon, Trengereid stasjon, Stanghelle stasjon, Bolstadøyri stasjon, Evanger stasjon og Bulken stasjon på Vossabanen. Då Bergensbanen skulle opnast var stasjonen i Dale vorten for liten, og han vart flytt til Reimegrend stasjon. Til erstatning vart stasjonen på Voss, som var vorten for liten der, teken ned og flytt til Dale. Også den var teikna av Balthazar Lange.[1]
Fotnotar
endre- ↑ Eivind Hartmann, Øistein Mangset, Øyvind Reisegg (1997). Neste stasjon : En guide til jernbanens arkitekturhistorie. Oslo: Gyldendal. s. 141. ISBN 8205252947.
Bakgrunnsstoff
endre- «Dale» på nettstaden til Jernbaneverket Arkivert 2011-08-15 ved Wayback Machine.
- «Dale» i Stasjonsdatabasen til Norsk Jernbaneklubb
- Den fyrste stasjonsbygning fotografert i byrjinga av 1880-åra
- Dale stasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren