Vozrozjdenija (usbekisk Tiklanish orollari; russisk Остров Возрождения) er ei tidlegare øy, i dag ei halvøy, i Aralsjøen. Ho vart ei halvøy i 2002 på grunn av inntørkinga til innsjøen.[1] Ho er i dag delt mellom Kasakhstan og Usbekistan.

Vozrozjdenija
halvøy
Land  Kasakhstan,  Usbekistan
Areal 216 km²
Folketal 0 (2019)
Kart
Vozrozjdenija
45°01′00″N 59°10′00″E / 45.016666666667°N 59.166666666667°E / 45.016666666667; 59.166666666667
Wikimedia Commons: Vozrozhdeniya Island
Vozrozjdenija sett frå rommet i november 1994

Øya låg sentralt i Aralsjøen og var eit av dei største testområda for Sovjetunionen si gruppe for mikrobiologisk krigføring. I 1948 vart det oppretta eit topphemmeleg sovjetisk laboratorium for biologiske våpen. Rykte om farane på øya vart spreidd av sovjetiske avhopparar, som Ken Alibek, den tidlegare sjefen for Sovjetunionen sitt biovåpenprosjekt. I følgje frigjevne dokument var det her at sporar av miltbrann og byllepestbakteriar vart putta i våpen og lagra. Den største byen på øya er Kantubek, som i dag ligg i ruinar, men som hadde om lag 1 500 innbyggjarar.

Dei siste forskarane reiste frå øya seint i 1991. Mange av behaldarane med sporer vart ikkje lagra skikkeleg eller øydelagd, og ein fryktar at dei i løpet av tiåra har byrja å lekke. Etter kvart som Aralsjøen held fram med å tømmast vil større og større område av øya vert forbunde med land. Mange forskarar fryktar at dyr kan føre med seg dei dødelege stoffa bort frå øya.

I 2002 vart det utført ein ekspedisjon for å nøytralisere det som truleg var det største lageret av miltbrann i verda. Den biokjemiske teknikaren Brian Hayes frå Pentagon i USA leia eit lag på 113 menneske som nøytraliserte mellom 100 og 200 tonn med miltbrannsporar i løpet av tre månader. Operasjonen kosta om lag 30-35 millionar kroner.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Aralsjøen på visibleearth.nasa.gov, arkivert frå originalen 28. juli 2010, henta 10. januar 2008 

45°09′N 59°19′E / 45.150°N 59.317°E / 45.150; 59.317