Władysław Nikiciuk

Władysław Nikiciuk (fødd 9. mars 1940) er ein polsk tidlegare spjutkastar, fødd i Dsjevjatkovitsji i Kviterussland. Han vann bronsemedaljen i øvinga ved europameisterskapen 1962 og sølvmedaljen ved europameisterskapen 1966.

Władysław Nikiciuk
Statsborgarskap Polen
Fødd 9. mars 1940 (84 år)
Dzieviatkaŭcy
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1964, Sommar-OL 1968, EM i friidrett 1962, EM i friidrett 1966, EM i friidrett 1969, EM i friidrett 1971, 1970 European Cup

Aktiv endre

I 1962 tok Nikiciuk bronsen ved europameisterskapen i Beograd med eit kast på 77,66 m, bakom Jānis Lūsis og Viktor Tsybulenko, som begge representerte Sovjetunionen. I 1964-sesongen sette Nikiciuk personleg rekord i Warszawa med eit kast på 84,89 m, men lukkast ikkje å hevde seg i medaljestriden under Sommar-OL i Tokyo. Ved Friidretts-EM 1966 sikra han seg sølvmedaljen, atter slått av verdseinaren Jānis Lūsis. Den 23. juni 1968 i finske Saarijärvi presterte begge kastarane sitt livs beste kast. Lūsis sette verdsrekord med sine 91,98 meter, medan Nikiciuk sletta den polske rekorden til Janusz Sidło då spjutet landa på 86,10 m. Under dei olympiske leikane i Mexico-byen fire månader seinare enda Nikiciuk på fjerdeplassen. Ved Europacupen i friidrett 1970 i Stockholm sigra Nikiciuk med eit kast på 82,46 m, framom Jānis Lūsis, den regjerande olympiameisteren, og Klaus Wolfermann, den neste olympiske meisteren i spjutkast.

Nikiciuk vart sjufaldig polsk meister i spjutkasting; 1962, 1964, 1967, 1968, 1970, 1971, 1973.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre