Klaus Wolfermann (fødd 31. mars 1946) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Altdorf bei Nürnberg som tevla i spydkast. Han vart olympiameister i øvinga under OL 1972 i München, og var tysk meister seks år på rad; 1969-74. Wolfermann var medlem SV Gendorf.

Klaus Wolfermann


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 31. mars 1946 (78 år)
Altdorf bei Nürnberg
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1972

Utmerkingar

Silbernes Lorbeerblatt, Hall of Fame des deutschen Sports, Sportler des Jahres, Sportler des Jahres

Aktiv endre

Wolfermann slo seg inn i verdseliten i spydkast i 1968, då han som best kasta 82,18 m. Han vart nummer to i den vesttyske meisterskapen bak Hermann Salomon, den beste vesttyske spydkastaren gjennom 1960-talet. Sesongen vart avslutta med OL-tur til Mexico, der han var langt unna å kvalifisere seg til finalen. Året etter, i 1969, vart han vesttysk meister framom førnemnde Salomon. Den store framgangen kom i 1970-sesongen, då han fleire gongar forbetra den vesttyske rekorden, sist til 86,46 m i september månad. Atter vart han vesttysk meister, noko han også vart i 1971. I 1971-sesongen nådde han 86,28 m, noko som gav han ein femteplass på årsstatistikken. Han vart nummer seks i europameisterskapen i Helsingfors.

I juni 1972 sette Wolfermann vesttysk rekord med 86,80 m i landskampen mellom Vest-Tyskland og Sovjetunionen i Augsburg. Han vart likevel klart slått av Jānis Lūsis, som vann med 89,38 m. Wolfermann auka den vesttyske rekorden til 87,20 m den 1. juli, nok ein gong i Augsburg. Midt i august la han på heile tre meter, til 90,40 m. Likevel var Lūsis den store favoritten til det olympiske spydgullet, ettersom han hadde sett verdsrekord med 93,80 m i Stockholm i juni. Den olympiske spydfinalen i München fann stad 3. september framom eit fullsett stadion, 75 000 tilskodarar. Lūsis opna med sterke 88,88 m i fyrste omgangen, og la på til 89,54 m i tredje omgang. Wolfermann låg på andreplassen etter 86,68 i fyrste omgang, og forbetra denne til 88,40 m i fjerde omgang. I femte omgang smelte han til med til med 90,48 m, ny olympisk rekord og vesttysk rekord. Lūsis svara i siste omgang med eit kjempekast, men 90,46 m var to cm for kort til å kapre gullmedaljen.

5. mai 1973 sette Wolfermann ny verdsrekord i spydkast med eit kast på 94,08 m i Leverkusen. Seinare i sesongen vann han spydkast-tevlinga i Europacupen for landslag, der han atter vart Lūsis sin overmann. Han tok elles sin femte strake vesttyske meistertittel, og året etter den sjette. Hans lengste kast i 1974-sesongen målte 88,26 m, berre finnen Hannu Siitonen kasta lenger, og under europameisterskapen i Roma i 1974 vart Wolfermann nummer fem.

I 1975 fekk Wolfermann si andre sølvmedalje i eit vesttysk meisterskap, bak den nye vesttyske meisterkastaren, Michael Wessing. Wolfermann makta ikkje å kvalifisere seg til Vest-Tysklands OL-tropp i 1976 og la opp i 1978.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre