Waiauelva i Southland

(Omdirigert frå Waiau River i Southland)
For andre elver på New Zealand som heiter Waiau, sjå Waiau River.

Waiau er den største elva i regionen SouthlandNew Zealand.[1] Ho renn ut frå Te Anau-sjøen, flyt vidare inn i Manapourisjøen 10 km mot sør, og renn vidare sørover i 70 km før ho munnar ut i Foveaux-sundet, åtte km sør for Tuatapere. Ho får også tilført vatn frå Monowaisjøen.

Waiau
elv
Utsikt over Waiau River.
Land New Zealand New Zealand
Lengd 217 km
Middelvassføring 2 348 /s
Kjelde
 •  høgd 184 moh.
Munning Foveaux-sundet
 •  høgd moh.
Kart
Waiauelva i Southland
46°11′40″S 167°36′53″E / 46.194567°S 167.614861°E / -46.194567; 167.614861
Waiau-vassdraget i Southland
Waiau-vassdraget i Southland
Waiau-vassdraget i Southland
Wikimedia Commons: Waiau River in Southland, New Zealand

Den øvre delen av Waiau River, som renn mellom innsjøane Manapouri og Te Anau, vart framstilt som den oppdikta elva Anduin i slutten på den første filmen i triologien Ringdrotten, til scenene der uruk-haiane jagar brorskapet langs elvebreiddene. Eit framlegg om at eit to kilometer langt stykke av elva skulle få namnet Anduin Reach til ære for den newzealandske filmmakaren Peter Jackson, og for at han brukte dette området som elva Anduin, vart avslått av New Zealand Geographic Board i april 2009.[2]

Flora og fauna

endre

Der er fleire ulike dyreartar i det skogkledde tilsigsområdet til Waiau River. Underskogen i det meste av Fiordland National Park omfattar talrike bregneartar, mellom desse kronebregna, Blechnum discolor.[3]

Fleire trua fugleartar held til langs breiddene av Te Anau-sjøen og den øvre delen av Waiauelva, mellom desse takahē (Notornis hochstetteri). Eit område ved Mellom- og Sørfjorden, kalla Murchison Mountains, er sett av som ein fristad for desse fuglane. På den vestre breidda av Te Anau-sjøen ligg Te Ana-au-grottene, som Lake Te Anau har fått namnet sitt frå.

Sykkelvegprosjektet

endre

I mars 2007 vart Fiordland Trails Trust oppretta med føremål å byggja ein sykkelveg langs dei øvre breiddene til Waiau, og og få samband mellom busetnadane Te Anau og Manapouri.[4][5]

Galleri

endre

Referansar

endre
  1. Tony Busch. 2004
  2. «Rings fans lose battle to rename local landmarks». The New Zealand Herald. 21. april 2009. Henta 9. mai 2009. 
  3. C. Michael Hogan. 2009
  4. «Documents/about-doc/news/whats-new/fiordland-newsletters/behind-the-scenes-newsletter-issue-14-winter-2015.pdf». s. 6. 
  5. «The Trail». Fiordland Trails Trust. mai 2010. Henta 5. januar 2016. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Waiauelva i Southland


46°11′35″S 167°37′11″E / 46.192919°S 167.619664°E / -46.192919; 167.619664