Opna hovudmenyen
Te Anau
Utsikt over Te Anau-sjøen
Utsikt over Te Anau-sjøen
Styresmakter
Land
New Zealand New Zealand
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2006)

1 902[1]
Koordinatar 45°25′″S 167°43′″EKoordinatar: 45°25′″S 167°43′″E
Tidssone +12 (UTC)
Plassering
Te Anau is located in New Zealand


Te Anau er ein by i Southland DistrictSørøyaNew Zealand. Han ligg på austbreidda til Te Anau-sjøen i Fiordland. Te Anau-sjøen er den største innsjøen på Sørøya, og den nest største på New Zealand etter Tauposjøen. Ved folketeljinga i 2006 var innbyggjartalet i byen 1 902.

Turisme og jordbruk er dei viktigaste næringsvegane i distriktet. Då byen ligg ved grensa mot nasjonalparken Fiordland National Park, er han innfallsporten til eit villmarksområde kjent for fotturisme og vakkert landskap. Mange fugleartar held til her, mellom desse den trua takahefuglen frå riksefamilien, som ein kan sjå i Fiordland Wildlife Park. Te Anau har mange overnattingsstadar, med over 3 000 tilgjengelege senger i sommarsesongen.

Te Anau har vegsamband med Invercargill i søraust, Queenstown mot nordaust, Gore mot aust og Manapouri mot sør. I Te Anau startar hovudvegen Milford Road, som går til Milford Sound, 120 km mot nord.

GalleriEndra

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra