Waihouelva

(Omdirigert frå Waihou River)

Waihouelva (engelsk Waihou River) er ei elv som ligg nord på NordøyaNew Zealand. Eit tidlegare namn, Thames River, fekk elva av kaptein James Cook. Namnet «Waihou» tyder direkte omsett frå maori 'nytt vatn'.

Waihouelva
elv
Land  New Zealand
Kart
Waihou River
38°04′34″S 176°01′52″E / 38.076°S 176.031°E / -38.076; 176.031
Waihouelva på Nordøya
Waihouelva på Nordøya
Waihouelva på Nordøya
Wikimedia Commons: Waihou River
Waihouelva der ho renn gjennom Putaruru.

Elva renn nordover i 150 km frå åsane i Mamaku Ranges, forbi byane Putaruru, Te Aroha og Paeroa, før ho renn ut i havbukta Firth of Thames heilt sør i Haurakigolfen nær byen Thames. I dei lågast liggjande partia dannar Waihou og den nærliggjande Piako-elva dei vide våtmarkene i Hauraki Plains.

Like før elva når havet, kryssar riksvegen State Highway 25 over henne på Kopu-brua, den lengste brua i landet med berre éin køyrebane, 463 m lang, og den einaste attverande svingbrua på ein riksveg på New Zealand. Brua er berykta for køane som dannar seg her av trafikken til og frå Coromandelhalvøya.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre