Waiting for an Alibi

Waiting for an Alibi
Singel av Thin Lizzy
frå albumet Black Rose: A Rock Legend
B-side

With Love

Utgjeve 23. februar 1979
Innspelt Desember 1978
Sjanger Hardrock
Lengd 3:29
Selskap Vertigo
Låtskrivar(ar) Phil Lynott
Produsent Tony Visconti and Thin Lizzy
Thin Lizzy-kronologi 
«Rosalie/Cowgirl's Song» (Medley)
(1978)
Waiting for an Alibi «Do Anything You Want To»
(1979)


«Waiting for an Alibi» er ein song av det irske rockebandet Thin Lizzy, og den første singelen frå albumet deira, Black Rose: A Rock Legend, i 1979.[1] Black Rose var det einaste Thin Lizzy-albumet som vart spelt inn medan Gary Moore var medlem av bandet,[1] og han forlét bandet kort tid etter.

Songen vart gitt ut som singel og nådde 9. plassen på UK Singles Chart[2] og sjetteplassen i Irland,[3] og det vart filma ein tilhøyrande musikkvideo . Bandet promoterte singelen med ein opptreden på The Kenny Everett Video Show,

Ein utvida versjon av dette sporet finst på samleplata The Adventures of Thin Lizzy gitt ut i 1981,[4] Dedication: The Very Best of Thin Lizzy gitt ut på CD i 1991,[5] og dessutan Wild One: The Very Best of Thin Lizzy, gitt ut i 1996.[6] Han finst òg på samlealbumet Lizzy Killers (1981)[7] og Soldier of Fortune (1987).[8] Denne versjonen varer 4:08 og har eit tredje vers og refreng som ikkje er med på singelen.

Historikk endre

Før utgivinga vart låten omarbeidd frå den opphavlege innspelinga. Ein demo av songen vart spelt inn tidleg i 1978 med Brian Robertson på sologitar saman med Scott Gorham (dette var før Gary Moore kom tilbake til bandet). Songen vart òg spelt på den store konserten til Thin Lizzy i Sydney Harbour i slutten av 1978, der versjonen som vart framført kan skildra lyrisk som ei kryssing mellom den opphavlege demoen og den endelege versjonen som vart gitt ut året etter.

Då Moore forlét Thin Lizzy i juli 1979 vart Midge Ure henta inn for å hjelpa til med å fullføra ein turné i USA, og vart den første i ei rekkje gitaristar som framførte songen med bandet. Han vart etterfølgd av Dave Flett, Snowy White og John Sykes før Thin Lizzy vart splitta i 1983. I seinare inkarnasjonar av bandet spelte òg Vivian Campbell, Richard Fortus og Damon Johnson Moore sitt parti.

Medverkande endre

Kjelder endre