Opna hovudmenyen

Walid al-Kubaisi (fødd 9. februar 1958 i Bagdad i Irak, død 31. juli 2018) var ein norsk forfattar, journalist, omsetjar og sivilingeniør.[1]

Walid al-Kubaisi
Fødd 9. februar 1958
Bagdad
Død

31. juli 2018

Yrke språkforskar, filmregissør, omsetjar, forfattar, skribent, konspirasjonsteoretiker

Kubaisi kom frå Irak til Noreg som flyktning i 1986. I Irak voks han opp i ein velståande familie og utdanna seg til sivilingeniør. Faren var politimeister og andre familiemedlemmer vart drepne i eit opprør mot Saddam Hussein. Ifølgje eiga forteljing smugla faren han over grensa til Syria og vart deportert til Libanon der han var i seks år. I Beirut arbeidde han som journalist mellom anna for avisene til PLO og flykta vidare til Noreg. I Arendal vart han kjent med mellom andre Arne Myrdal.

Han gav ut den første boka si i 1996, essaysamlinga Min tro, din myte: islam møter norsk hverdag. Kubaisi vart tildelt Skjervheimprisen i 2003 og han vart statsstipendiat i 2007. I 2016 vart han saman med Loveleen Rihel Brenna tildelt Fritt Ords honnør for «innspel i innvandrings- og integreringsdiskusjonar (…) sekulære (ikkje-religiøse) premiss, og bidratt til nyansering og vitalisering av mangfaldsdebatten».[2]

Kubaisi skreiv fast for Dag og Tid i 15 år og hadde publisert fleire kronikkar om mellom anna Irak, innvandring, islam og ytringsfridom.

BibliografiEndra

  • Blekk og blod: ei familiekrønike frå Midtausten og Noreg, Dreyers forlag, 2016
  • Allahs lille brune: Koranen og profetens ord i utvalg, redaktør Walid al-Kubaisi og Ronnie Johanson, Religionskritisk forlag, 2004 (første utgave 1989), ISBN 82-7265-015-0
  • Rasisme forklart for barn: en bok for barn i alle aldre, og med alle hudfarger, Pantagruel, 2001, ISBN 82-7900-127-1
  • Norske Poteter og Postmodernistiske Negre. Kulturbro Forlag, 2000
  • Halvmånens hemmeligheter. Pantagruel, 1998
  • Gleden er ikke mitt yrke. Pantagruel, 1998
  • Sinbads verden. barnebok. Pantagruel, 1997
  • Min tro, din myte. Aventura, 1996

FilmEndra

  • Frihet, likhet og Det muslimske brorskap (Dokumentar, 2010)

ReferansarEndra

  1. «En fabel fra Bagdad». Aftenposten. 24. oktober 1998. s. 39. «Walid kommer fra en velstående familie. Noen var involvert i et militæropprør mot Saddam Hussein og ble drept. Faren var politimester. Selv tok han sivilingeniøreksamen, drøyet studiene så lenge han kunne. Ble utkalt til militærtjeneste. Faren fikk smuglet ham over grensen til Syria. (…) Ble deportert til Libanon. Jobbet som journalist i seks år for PLO-aviser. De var de mest uavhengige. Måtte flykte på nytt, og Norge var landet som skulle ta i mot.» 
  2. «Loveleen Rihel Brenna og Walid al-Kubaisi tildelt Fritt Ords Honnør». www.frittord.no. Henta 17. juni 2016. 

BakgrunnsstoffEndra