Walter Fyrst
Walter Fyrst (6. juli 1901–22. februar 1993) var ein norsk filmprodusent, manusforfattar, regissør og nasjonalsosialistisk politikar frå Oslo.
Walter Fyrst | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. juli 1901 Oslo |
Død |
23. februar 1993 (91 år) |
Yrke | filmregissør, filmprodusent, manusforfattar, TV-produsent, reklamearbeider |
Politisk parti | Nasjonal Samling |
Medlem av | Norges Kommunistiske Ungdomsforbund, Fedrelandslaget |
Far | Valentin Fürst |
Walter Fyrst eigde produksjonsselskapet Fyrst-Film, og produserte i tillegg til reklame- og propagandafilm også ei rekke spelefilmar. Han vart i 1920-30-åra saman med Ottar Gladtvet rekna som ein av dei leiande innan norsk reklamefilm, lenge før dei eigentlege reklamebyråa såg dagens lys på 1950-talet.
Fyrst var med og stifta Nasjonal Samling (NS) på byrjinga av 1930-talet, men meldte seg snart ut att. I løpet av 1930-åra var han aktiv til å promotere Arbeidstenesta (AT) og arrangerte fleire sommarleirar for å få til ei friviljug Arbeidsfylking. Fyrst var òg medlem i Fedrelandslaget.
I 1941 fornya han medlemsskapet i NS og vart partiet sin propagandasjef. Han går for å vera opphavsmannen til dei fargesterke og stereotype plakatane som prega NS sin propaganda både før og under Den andre verdskrigen. Dei filmane han produserte, regisserte og skreiv manus til i perioden 1940-44 inneheldt alle meir eller mindre preg av nasjonalsosialistisk ideologi.
Han vart dømd i landssvikoppgjeret i 1945, men som eit døme på den pragmatiske haldninga som herska i enkelte miljø etter krigen kan nemnast at han så tidleg som i 1948 vart tilsett i firmaet til ingen ringare enn den berømte motstandsmannen Max Manus.