Waraoar (båtfolk) er eit urfolk med territorium i austre Venezuela og vestre Guyana. Waroa, guarauno, guarao og warrau er andre stavemåtar for warao. Dei sentrale busetnadene for waraoane ligg i Orinocodeltaet med eit mindretal i naboområda i Guyana og Surinam. Etter ei folketeljing i 2001 finst det 36 000 waraoar, fleirtalet av dei nyttar eit agglutinativt språk, også det kalla warao.

Waraofamilie i ein kano.
Foto: Roar Johansen

Tradisjonelt levevis endre

Waraoane i elvedeltaet bur i hus utan veggar med tak av palmeblad heldt oppe av stokkar. Husa er ofte fundamentert på og løfta opp av pålar for å verne mot varierande vasstand, om det finst tørr grunn bygg dei på høgste bakken for å skydde mot vatn i den årlege flaumperioden. Somme hus er bygd som palafitos, over vatnet. Grupper av hus kan dele ei felles stor plattform som er bygd av trestokkar på pålar. Inne i kvart hus finst ein eldstad eller ein omn i sentrum av rommet med hengjekøyer rundt i kring. Nokon hus kan ha andre møblar som stolar eller krakkar av trevirke, desse kan ha utskjeringar forma som dyrebilete.

I elvedeltaet er vassvegen ein naturleg transportveg og kanoar er transportmiddelet som vert bruka. Det vert sagt at ungane lærer å padle før dei kan gå. Transport til fots vert fort hindra av vegetasjon, småelver, sump og elles høg vasstand; småbarn hos waraoane er kjente for vanen med å halde seg fast rundt halsen til mødrene når dei går.

Bongo er nemninga på ein type kano som tar opp til ca. 50 menneske. Framstilling av ein bongo kan vere ein strevsam prosess som startar med at folk ser etter store tre som kan passe. Når den gamle bongoen er nær utsliten søkjer familieleiarane i lokalsamfunnet å nå fram til semje om kva for eit tre som passar best til den nye bongoen. På starten av den tørre årstida drep dei det utvalde treet og så ventar dei til slutten på den tørre sesongen til dei kuttar ned treet. Tilverkinga skjer ved at trestammen vert hula ut, med hjelp av brenning og tradisjonelt med bruk av verktøy av stein eller skjel.

Den andre kanotypen er ein liten kano med plass for tre menneske til dagleg matauk.

Dietten åt waraoane i elvedeltaet er bygd kring det som finst i deltaet og det er mest fisk. Juli og august er sesong for fangst av krabbar. Folket jaktar berre små dyr. Rundt år 1500 fanst enkelt hagebruk, men det meste av frukt og grønt i dietten kjem frå ville frukthagar som frukta og sago frå mauritiapalmen.

Mauritiapalmen, Mauritia flexuosa, er ein vektig råvare for waraoane. Palmen gjev bidrag til dietten og blada nyttast til produksjon av eit sterkt fiber. Vanlege ferdigprodukt er dei ettertrakta hengjekøyene og anna handverksarbeid som kurvar og fat. Elles vert han nytta ut som byggemateriale til varierande føremål som bruer og hustak og til harpunar.

Myte endre

Ein myte om opphavet åt waraoane fortel at menneske stammar frå ein eventyrleg, himmelsk karakter, urjegeren. Han budde først i ei himmelverd saman med andre menneske kor fuglar var einaste representantar frå dyreverda. Urjegeren skaut ein fugl med stor kraft slik at pila med fuglen trengte igjennom himmelgolvet, gjennom skylaget og ned på den jordiske bakken under. Urjegeren såg ned gjennom holet. Han såg eit frodig og fruktbart land, feste eit langt bomullsreip til eit tre og låra seg ned gjennom skydekket til jorda, han valde då bort himmelverda.

Den første kontakten med europearar endre

Eit år etter at Kristoffer Kolumbus kom til kysten av Venezuela seglte Alonso de Ojeda gjennom deltaet og oppover Orinoco. Slik trefte waraoane i Orinocodeltaet europearane. I deltaet såg Ojeda waraohusa bygd på pålar over vassflata. Ein liknande arkitektur var skildra lengre vest i Sinamaica, der vart byggeskikken samanlikna med den i Venezia med sine vidgjetne kanalar mellom bygningar. Skildringa skal ha gjeve opphav til namnet for heile landet: Litle Venezia eller Venezuela.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre