Washington Mills AS (tidlegare Orkla Exolon AS) er ein norsk produsent av silisiumkarbid. Føretaket har ca. 135 tilsette, og held til på Gjølme i Sør-Trøndelag. Føretaket er eit hjørnesteinføretak i kommunen.

Bakgrunn endre

Føretaket vart grunnlagt 4. juni 1962 med Orkla Grube Aktiebolag, Christiania Spigerverk og The Exolon Company, Tonawanda, New York, USA som eigarar. I dag er han ått av Washington Mills i USA.

Produkta vert hovudsakleg brukt til finkeramikk, skjæring, sliping og polering. Hovedprodukta vert brukt til skjæring av solcelleskiver og til bruk i produksjon av dieselpartikkelfilter, som bidreg til å reinsa avgassen frå dieselbiler. Produksjonen går hovudsakleg til eksport og føretaket eksporterer produkta sine til store deler av verda. I tillegg er det ein marknad for silisiumkarbid i Noreg.

Det er ytterlegare ein produsent i Noreg, Saint-Gobain CM, som produserer silisiumkarbid i Lillesand med foredlingsbedrift på Eydehavn.

Produksjonen endre

Silisiumkarbid vert framstilt ved å brenna ei blanding av petrolkoks og kvartssand i opne bingeovner med temperatur på opptil 2500 gradar. Under brenninga skjer ein kjemisk prosess. Kraftforbruket pr. tonn produsert SIC utgjer ca. 8.500 kWh og føretaket brukar totalt ca. 100 GWh per år.

Etter brenning vert det knust og sikta silisiumkarbid til ulike kornstorleikar, finaste kornstorleik er i området 1 mikron (1/1000-dels millimeter). Føretaket produserer no i all hovudsak mikrokorn.

Dei kjøper inn ein del silisiumkarbid frå den amerikanske eigaren sin til videreforedling i tillegg til eigen produksjon.

Utslippsløyva frå Forureiningstilsynet til Staten (SFT) tillèt utslipp av 150 tonn støv ved full produksjon. Føretaket hadde eit utslipp på 83 tonn i 2005. For svoveldioksid (SO2) tillèt ein utslepp av inntil 450 tonn ved full drift, utslippet i 2005 var på ca. 300 tonn. Føretaket har hatt ei positiv utvikling i reduksjon på utslipp til luft, og overheld utslippskrava frå SFT.

Produksjon av silisiumkarbid har ein relativt omfattande massetransport og produksjonsprosessen medfører utslipp av støvpartiklar og SO2.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre