Opna hovudmenyen
Wasted Years
Singel av Iron Maiden
frå albumet Somewhere in Time
B-side «Reach Out» (The Entire Population of Hackney cover)

«Sheriff of Huddersfield»

Utgjeve 6. september 1986
Innspelt 1986
Sjanger Heavy metal
Lengd 5:06[1]
Selskap EMI
Låtskrivar(ar) Adrian Smith
Produsent
Iron Maiden-kronologi
«Run to the Hills (live)»
(1985)
Wasted Years «Stranger in a Strange Land»
(1986)


«Wasted Years» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Han var den fjortande singelen deira og den første frå albumet Somewhere in Time (1986). Dette er den einaste songen på albumet der dei ikkje nyttar nokon synthesizer. Songen vart gjeven ut i 1986 og var den første singelen deira som var skriven heilt av gitaristen Adrian Smith, som òg syng korvokal på songen. Han nådde 18. plassen på UK Singles Chart.

OversiktEndra

Songen handlar om heimlengsel og framandgjering,[2] i tillegg til dei negative sidene ved den lange turneen bandet nettopp hadde hatt, som varte nesten eitt år, og personlege problem Smith og andre bandmedlemmar hadde på den tida.[3] Samstundes indikerer refrenget at ein bør leggje problema bak seg og sjå framover. Arbeidstittelen på songen var «Golden Years».

Singelomslaget syner bandmaskoten Eddie som flyg i ein tidsmaskin.[4] Ein kan berre sjå ein del av andletet til Eddie, reflektert i ein skjerm.[4] I følgje kunstnaren Derek Riggs var dette fordi bandet ikkje ønskte å avsløre maskoten i cyborg-form før albumet kom ut nokre veker seinare.[4] Som med plateomslaget til Somewhere in Time,[5] er TARDIS frå BBC-serien Doctor Who med på omslaget.[4]

Musikkvideoen til songen består av svartkvitbilete av bandet som spelar songen i eit studio i Frankfurt i Vest-Tyskland, blanda med forskjellige scener frå tidlgare videoar av bandet og klipp frå turnelivet under World Slavery-turneen.

«Wasted Years» finst i videospelet Rock Band.

B-siderEndra

B-sida «Reach Out» vart sungen av Adrian Smith, med den faste songaren Bruce Dickinson på korvokal. Denne songen var tidlegare framført på konsertar av Nicko McBrain og Smith i sideprosjektet deira The Entire Population of Hackney.

Songen «Sheriff of Huddersfield» handlar om Iron Maiden-manageren Rod Smallwood og avgjersla hans om å flytte til Los Angeles og kjøpe eit hus i Hollywood Hills. Visstnok hadde han problem med å tilpasse seg livsstilen i LA og klaga ofte om dette til bandet. Smallwood kjende ikkje til songen før han kom ut på singel, sidan bandet heldt det skjult for han. Songen opnar med den talte linja «We're on a mission from Rod», ein parodi frå The Blues Brothers, «We're on a mission from God».

KonsertversjonarEndra

«Wasted Years» er ein av tre songar frå Somewhere in Time som har blitt spelt på meir enn to konsertturnear, i lag med den andre singelen frå albumet «Stranger in a Strange Land» og «Heaven Can Wait». Han vart spelt på Somewhere On Tour,[6] Seventh Tour of a Seventh Tour,[7], Real Live Tour (berre nokre få konsertar),[8] The Ed Hunter Tour,[9] Somewhere Back in Time World Tour.[10] og Maiden England World Tour.[11]

Janick Gers spelar soloen på Real Live Tour-turneen då Smith slutta i Iron Maiden i 1990. Han spelte òg alle Smith sine gitarparti på eit par konsertar under Ed Hunter Tour, medan Smith var borte. Sidan 1999 har Smith og Gers spelt introen i lag.

InnhaldEndra

7"-singel
Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Wasted Years»  Adrian Smith 5:06
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Reach Out» (The Entire Population of Hackney cover)Dave Colwell 3:25
12"-singel
Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Wasted Years»  Smith 5:06
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Reach Out» (The Entire Population of Hackney cover)Colwell 3:25
2. «Sheriff of Huddersfield»  Iron Maiden 3:35

MedverkandeEndra

Frå singelomslaget.[1]

Produksjon

ListerEndra

Singel Liste (1986) Plassering Album
«Wasted Years» Irish Singles Chart 11[12] Somewhere in Time
UK Singles Chart 18[13]
Singel Liste (1990) Plassering Album
«Wasted Years/ Stranger in a Strange Land» UK Albums Chart[merk 1] 9[14]

FotnotarEndra

  1. Nyutgjeving av begge singlane som ein del av The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Wasted Years» 7 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 6 September 1986. 
  2. Iron Maiden - Wasted Years Live Sheffield 1986YouTube
  3. Iron Maiden - Flight 666 DVD, History Of Iron Maiden pt 2
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Popoff, Martin (2006). Run for Cover: The Art of Derek Riggs (1 utg.). Aardvark Publishing. s. 94. ISBN 1-4276-0538-6. 
  5. Popoff, Martin (2006). Run for Cover: The Art of Derek Riggs (1 utg.). Aardvark Publishing. s. 87. ISBN 1-4276-0538-6. 
  6. «Somewhere On Tour Setlist». Henta 26. august 2016. 
  7. «Seventh Tour Of A Seventh Tour Setlist». Henta 26. august 2016. 
  8. «A Real Live Tour Setlist». Henta 26. august 2016. 
  9. «The Ed Hunter Tour Setlist». Henta 26. august 2016. 
  10. «Somewhere Back In Time Setlist». Henta 26. august 2016. 
  11. Alderslade, Merlin (22 June 2012). «First Iron Maiden ‘Maiden England’ US Tour Setlist Revealed, Rest Of World Weeps With Jealousy». Metal Hammer. Arkivert frå originalen 28 September 2012. Henta 22 June 2012. 
  12. «Irish singles archive». IRMA. Irishcharts.ie. Henta 14 October 2011. 
  13. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 13 September 1986». Official Charts Company. Henta 19 September 2011. 
  14. «Top 40 Offisiell albumliste UK Archive 14 April 1990». Official Charts Company. Henta 19 September 2011. 

BakgrunnsstoffEndra