Opna hovudmenyen
Wasting Love
av Iron Maiden
frå albumet Fear of the Dark
B-side «Tailgunner (Live)»
«Holy Smoke (Live)»
«The Assassin (Live)»
Utgjeve 1. september 1992
Innspelt 1992
Sjanger Heavy metal
Lengd 5:51
Selskap EMI
Låtskrivar(ar)
Iron Maiden-kronologi
«From Here to Eternity»
(1992)
Wasting Love «Fear of the Dark (live)»
(1993)


«Wasting Love» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Det er den tredje singelen deira frå albumet Fear of the Dark frå 1992.

OversynEndra

Songen vart skriven av songaren Bruce Dickinson og gitaristen Janick Gers. Teksten omhandlar einsemd som oppstår i samanheng med sex når det ikkje er kjærleik i biletet.

Singelen vart offisielt berre gjeven ut i Nederland, men det finst forskjellige promo-CD-singlar med berre eitt spor, ein for amerikansk radio og ein for Spania, som òg fekk den einaste vinylversjonen av singelen.[1]

Singelomslaget er den tredje Iron Maiden-singelen utan maskoten til bandet, Eddie, på omslaget. Omslaget nytta eit bilete frå musikkvideoen, og syner ein mann som tatoverer kvinnenamn over heile kroppen sin. Videoen vart regissert av Samuel Bayer.

Gitarsoloen i «Wasting Love» vert spelt av Janick Gers.

B-siderEndra

B-sida inneheld tre konsertopptak frå Wembley Arena i London under «No Prayer On The Road»-turneen etter No Prayer for the Dying i 1990. [2] Desse konsertopptaka av «Tailgunner», «Holy Smoke» og «The Assassin» finst òg på den srs sjeldne australske digi-pack-versjonen på CD av albumet Fear of the Dark som kom ut for å marknadsføre den australske delen av turneen i 1992.

InnhaldEndra

CD Maxi-singelEndra

  1. «Wasting Love» (Bruce Dickinson, Janick Gers) – 5:51
  2. «Tailgunner» (live - Wembley Arena, London 17. desember 1990) (Bruce Dickinson, Steve Harris) – 4:04
  3. «Holy Smoke » (live - Wembley Arena, London 17. desember 1990) (Dickinson, Harris) – 3:34
  4. «The Assassin» (live - Wembley Arena, London 17. desember 1990) (Harris) – 4:25

MedverkandeEndra

KjelderEndra

  1. «Wasting Love Vinyl». Henta 1. september 2016. 
  2. «No Prayer On The Road». Henta 1. september 2016. 

BakgrunnsstoffEndra