Holy Smoke av Iron Maiden
Holy Smoke av Iron Maiden frå albumet No Prayer for the Dying | ||
B-side |
«All in Your Mind» | |
---|---|---|
Utgjeve | 10. september 1990 | |
Innspelt | 1990 | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 3:47[1] | |
Selskap | EMI | |
Låtskrivar(ar) | Steve Harris Bruce Dickinson | |
Iron Maiden-kronologi | ||
«Infinite Dreams (live)» (1989) |
Holy Smoke | «Bring Your Daughter... to the Slaughter» (1990)
|
«Holy Smoke» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Det var den første singelen deira med gitaristen Janick Gers, som kom med i bandet i 1990. Singelen kom ut berre få veker før albumet No Prayer for the Dying, og singelen nådde tredjeplassen på UK Singles Chart.
Oversyn
endreSongen handlar om dei mange televangelist-skandalane som fann stad i USA seint i 1980-åra, og nemner mellom anna «Jimmy the Reptile» (ein referanse til Jimmy Swaggart), «The TV Queen» (ein mogeleg referanse til Tammy Faye Bakker), Noah og «plenty of bad preachers for the Devil to stoke.» I motsetnad til kva mange trudde, er ikkje songen retta mot kristendomen i seg sjølv, men folk som misbrukar religionen til å gagne seg sjølv. Dette er ein av særs få Iron Maiden-songar med bannord i teksten (til dømes «Flies around shit/bees around honey» og «I've lived in filth/I've lived in sin/and I still smell cleaner than the shit you're in»), som vart erstatta av skot i sensurerte versjonar.
Songen er atypisk for bandet og er kort og beintfram. Han har ein vanleg pop-rock-struktur med ein intro, vers, refreng, vers, refreng, solo, vers og eit refreng som avslutning. Den første soloen vert spelt av Janick Gers og den andre av Dave Murray.
Bandet spelte inn ein humoristisk musikkvideo til sogen, der bandet vert filma på garden til Steve Harris i Sheering, og spelar fotball og køyrar traktor. Bruce Dickinson hoppar kring i ein kålrotåker ikledd ei rosa t-skjorte, Dave Murray spelar gitar i ein bekk, og Janick Gers spelar ein leiketøysgitar i eit symjebasseng. Ein kan òg sjå produsenten på plata, Martin Birch, i videoen ikledd eit slags sadomasokistisk kostyme. Videoen vart regissert av Harris sjølv.
B-sida til singelen var versjonar av Stray-songen «All in Your Mind» og Golden Earring-songen «Kill Me Ce Soir».[2]
Innhald
endre- «Holy Smoke» (Dickinson, Harris) – 3:47
- «All in Your Mind» (Stray-song; Del Bromham) – 5:58
- «Kill Me Ce Soir» (Golden Earring-song; George Kooymans, Barry Hay, John Fenton) – 7:03
Medverkande
endreHenta frå singelomslaget.[1]
- Iron Maiden
- Bruce Dickinson – solovokal
- Janick Gers – gitar
- Dave Murray – gitar
- Steve Harris – bassgitar
- Nicko McBrain – trommer
- Produksjon
- Martin Birch – produsent, lydteknikar, miksing
- Derek Riggs – illustrasjon
- Ross Halfin – fotografi
Versjonar
endreSongar | Land & år | Katalognummer | Format |
---|---|---|---|
Holy Smoke / All in Your Mind | Australia 1990 | EMI 2477-7 | Single 7" |
Holy Smoke / All in Your Mind | France 1990 | EMI 2040287 | Single 7" |
Holy Smoke / All in Your Mind | Tyskland 1990 | EMI 006 0 204028 7 | Single 7" |
Holy Smoke / All in Your Mind | Italy 1990 | EMI 06 20 4028 7 | Single 7" |
Holy Smoke / All in Your Mind | UK 1990 | EMI EM 153 | Black Labels Single 7" |
Holy Smoke / All in Your Mind | UK 1990 | EMI EM 153 | Silver Labels Single 7" |
Holy Smoke / All in Your Mind / Kill me Ce Soir | EEC 1990 (German Label) | EMI 060-20 4028 6 | Maxi Single |
Holy Smoke / All in Your Mind / Kill me Ce Soir | Italy 1990 | EMI 14 20 4028 6 | Maxi Single |
Holy Smoke / All in Your Mind / Kill me Ce Soir | UK 1990 | EMI 12 EMP 153 | Maxi Single 12" + Poster 12" |
Holy Smoke / All in Your Mind / Kill me Ce Soir | UK 1990 | EMI EMP 153 | Picture Disc Single 12" |
Holy Smoke / All in Your Mind / Kill me Ce Soir | Japan Promo 1990 | EMI TOCP-6449 | CD Single |
Holy Smoke / All in Your Mind / Kill me Ce Soir | Japan 1990 | EMI TOCP-6449 | CD Single |
Holy Smoke / All in Your Mind / Kill me Ce Soir | UK 1990 | EMI CDEM 153 | CD Single |
Holy Smoke | USA Promo 1990 | Epic ESK 2194 | CD Single |
Holy Smoke / All in Your Mind | Australia 1990 | EMI TC-2477-4 | Cassette Single |
Holy Smoke / All in your Mind | UK 1990 | EMI TCM 153 | Cassette Single |
Lister
endreListe (1990) | Plassering |
---|---|
Irish Singles Chart[3] | 4 |
Den sveitisiske singellista[4] | 20 |
UK Singles Chart[5] | 3 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Holy Smoke (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. august 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Holy Smoke» 12 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 10 September 1990.
- ↑ «Holy Smoke». Henta 29. august 2016.
- ↑ «Irish singles archive». IRMA. irishcharts.ie. Henta 14 October 2011.
- ↑ «Iron Maiden - 'Holy Smoke'». Hitparade. Henta 14 October 2011.
- ↑ «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 22 September 1990». Official Charts Company. Henta 14. oktober 2011.