Waterloo Sunset
Waterloo Sunset Singel av The Kinks frå albumet Something Else by The Kinks | ||
B-side |
«Act Nice and Gentle» (UK) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. mai 1967 | |
Innspelt | 1967 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:16 | |
Selskap | Pye 7N 17321 (UK) Reprise 0612 (US) | |
Tekstforfattar | Ray Davies | |
Låtskrivar(ar) | Ray Davies | |
Produsent | Shel Talmy | |
The Kinks-kronologi | ||
«Mister Pleasant» (1967) |
Waterloo Sunset | «Autumn Almanac» (1967)
|
«Waterloo Sunset» er ein song av The Kinks frå 1967. Han vart gjeven ut som singel og på albumet deira Something Else by the Kinks. Songen vart skriven og produsert av frontmann og låtskrivar Ray Davies og er ein av dei mest kjende songen til bandet.
Teksten omhandlar ein einsam mann som sit på sørsida av Themsen og ser på (eller førestiller seg) eit romantisk møte mellom to personar ved Waterloo stasjon som så kryssar Waterloo-brua. I sjølvbiografien sin frå 1996, X-Ray, skriv Davie at songen var inspirert av ei hending då han vart innlagd på sjukehus som gut, og i eit intervju i 2008 sa han at det var ein fantasi om syster hans som møter kjærasten sin.
Terry og Julie, som er personane nemnde i teksten, er ofte tenkt å vere Terence Stamp og Julie Christie, to filmstjerner på denne tida.[1][2] Davies avkrefta derimot dette i 2004 og sa at Terry og Julie var vanlege folk og at han ikkje kunne skrive for stjerner.[3]
Innspelinga er den første der kona til Davies, Rasa, syng korvokal.
Singelen nådde andreplassen på den britiske singellista i midten av 1967, bak «All You Need Is Love» av the Beatles. I Noreg nådde songen 7. plass. Davies ser på songen som ein profesjonell milepåle, der han klarte å blande sin eigen personlege forteljarstil med det som skulle til for at songen skulle verte ein stor hit. Innspelinga var den første som vart produsert av Davies aleine, utan produsent Shel Talmy, som hadde produsert det meste Kinks hadde spelt inn fram til då.
I 2004 vart songen kåra til «den beste songen om London» av FM-radioen i London. Songen ligg på 42. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. Både Paul Weller og Damon Albarn har nemnd songen som deira absolutte favorittsong gjennom tidene. Pete Townshend frå The Who har kalla songen «guddommeleg» og «eit meisterverk».[4]
Andre utgåver
endre- David Bowie spelte inn songen under innspelinga av Reality i 2003. Songen vart seinare gjeven ut som eit bonusspor. Bowie og Davies spelte songen i lag på Tibet House Benefit-konserten i Carnegie Hall i New York City i 2003.
- Damon Albarn (frå Blur) og Ray Davies spelte songen i lag på eit TV-program på Channel 4 i 1995.
- Def Leppard spelte songen på albumet Best of Def Leppard i 2004, og seinare på albumet Yeah! i 2006.
- Songen vart spelt fleire gonger på konsertar av Elliott Smith.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Waterloo Sunset» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Variety biography of Julie Christie». Arkivert frå originalen 22. april 2009. Henta 1. mai 2009.
- ↑ «Sunday Telegraph, 3. februar 2008».
- ↑ «Independent, 10. september 2004».
- ↑ YouTube - The Kinks - UK Music Hall of Fame 2005
Bakgrunnsstoff
endre15: «I Want to Hold Your Hand» The Beatles |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2021 over dei 500 beste songane gjennom tidene 14 «Waterloo Sunset» The Kinks |
13: «Gimme Shelter» The Rolling Stones |
43: «Tutti-Frutti» Little Richard |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 42 «Waterloo Sunset» The Kinks |
41: «The Weight» The Band |