Def Leppard er eit britisk hard rock/heavy metal-band som blei skipa i Sheffield i 1977. Bandet har selt over 100 millionar album. Dei to største salssuksessene deira kom med albuma Pyromania og Hysteria.

Def Leppard

Aktiv1977–
Sjangerhardrock, New Wave of British Heavy Metal
PlateselskapearMUSIC, Island Records, Mercury Records
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Def Leppard er eit av fem rockeband med to originale studioalbum-utgjevingar som har selt over ti millionar kopiar kvar. Dei andre er Led Zeppelin, Pink Floyd, The Beatles og Van Halen.[1] Det har også spelt på tre kontinent på same dag, noko som fekk plass i Guinness rekordbok.

Starten

endre

Medlemmene i Def Leppard var berre tenåringar då dei fekk platekontrakt og spelte inn debutalbumet On Through the Night i 1980. I Storbritannia blei dei rekna som eit band som berre retta seg mot USA, og det tok litt tid før dei blei anerkjende i heimlandet.

På albumet High 'n' Dry frå 1981 fekk gruppa med seg produsenten Robert John «Mutt» Lanea, som hjelpte dei med låtskriving og å finna ein «definert sound».

Pyromania

endre

Det store gjennombrotet kom i 1983 med albumet Pyromania, som gav dei store hittar med låtane «Foolin'» og «Photograph». Trommeslagaren Rick Allen mista den eine armen i ei bilulykke den 31. desember 1984, og planane om eit nytt album blei lagt på is. Det blei ei stund vurdert å erstatta Allen med ein ny trommeslagar, men bandet bestemde seg for å venta og sjå om han kunne halda fram.

Allen fekk eit spesiallaga trommesett som gjorde at han kunne halda fram med å spela. Bandet starta eit samarbeid med Jim Steinman. Steinman var mest kjent for dei pompøse produksjonane sine for mellom anna Meat Loaf og Bonnie Tyler, og Def Leppard ville ha lyden stor og pompøs. Samarbeidet fungerte likevel ikkje, og dei tok igjen kontakt med «Mutt» Lange.

Hysteria

endre

I 1987 gav dei ut albumet Hysteria. Albumet inneheldt hittar som «Animal», «Women», «Love Bites», «Pour Some Sugar on Me» og «Rocket», Dei neste to åra var Def Leppard eit av dei største banda i verda med tanke på plate- og konsertbillettsal, og musikkvideoane deira gjekk på «heavy rotation» på MTV.

Bandet la ut på ein verdsturné som skulle vara i over to år. Dette tappa dei for energi. Gitaristen Steve Clark, som hadde problem med alkohol allereie frå tidleg på 1980-talet, blei verre og glei inn i ein djup depresjon. Han døydde 8 januar 1991 etter inntak av piller og alkohol før ferdigstillinga av neste albumet til bandet Adrenalize. Dødsfallet var mest sannsynleg eit uhell og ikkje sjølvmord.

Diskografi

endre

Studioalbum

endre
  • On Through the Night (1980)
  • High 'n' Dry (1981)
  • Pyromania (1983)
  • Hysteria (1987)
  • Adrenalize (1992)
  • Slang (1996)
  • Euphoria (1999)
  • X (2002)
  • Yeah! (2006)
  • Songs from the Sparkle Lounge (2008)
  • Def Leppard (2015)
  • Diamond Star Halos (2022)

Samlealbum

endre
  • Retro Active (1993)
  • Vault: Def Leppard Greatest Hits (1980–1995) (1995)
  • Best of Def Leppard (2004)
  • Rock of Ages: The Definitive Collection (2005)
  • The Story So Far – The Best Of (2018)

Konsertar i Noreg

endre
  • 1987: Skedsmohallen.
  • 1993: 2 mai i Oslo Spektrum.
  • 1996: 5 oktober på Sentrum Scene.
  • 2008: 21 mai i Sandnes, 23. mai i Halden, og Trondheim på Torget den 24. mai.
  • 2013: 6 juli på Skånevik Bluesfestival.
  • 2019: 27 juni på Trondheim Rocks i Trondheim, og 29. juni på Tons of Rock i Oslo.
  • 2023: 11 juni på Trondheim Rocks i Trondheim.

Kjelder

endre
  1. – This Day in Music Spotlight: The Death of Def Leppard’s Steamin’ Steve Clark Arkivert 22. februar 2016 på Wayback Machine. - Gibson.com, 8. januar 2015, henta 14. februar 2016

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Def Leppard