Something Else by the Kinks

Something Else by the Kinks
Studioalbum av The Kinks
Utgjeve 15. september 1967
Innspelt April 1966 – juli 1967
Studio Pye Studios i London
Sjanger
Lengd 36:17
Selskap Pye
Produsent
The Kinks-kronologi
Face to Face
(1966)
Something Else by the Kinks The Kinks Are the Village Green Preservation Society
(1968)
Singlar frå Something Else by The Kinks
  1. «Waterloo Sunset»
    Utgjeve: 5. mai 1967
  2. «Death of a Clown»
    Utgjeve: 7. juli 1967

Something Else by the Kinks, ofte berre kalla Something Else, er eit album av det engelske rockebandet The Kinks frå september 1967. Albumet var det siste Kinks-albumet som den amerikanske produsenten Shel Talmy medverka på, og Ray Davies tok over som produsent. Mange av songane er med Nicky Hopkins på piano og kona til Ray Davies, Rasa, på korvokal.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[4]
Pitchfork9.3/10[5]
Rolling Stone(positiv)[6]

Songane på albumet er skrivne av Ray Davies og er sterkt prega av engelske tema. Albumet inneheld hitsingelen «Waterloo Sunset» og singelen «Death of a Clown» som vart skriven i lag med broren og sologitaristen Dave Davies.

Albumet vart spelt inn mellom hausten 1966 og sommaren 1967, då Kinks hadde starta å turnere mindre. Albumet inneheld tre songar skrivne av Dave Davies, mellom anna hitsingelen «Death of a Clown». Den uventa suksessen til denne songen førte til at Davies starta ei solokarriere. Dei neste singlane hans klarte derimot ikkje å oppnå same suksess og frå midten av 1969 la han solokarriera på is dei neste ti åra.

Albumet selde ikkje særleg godt i Storbritannia, mellom anna fordi det konkurrerte med billige samlealbum av dei tidlegare Kinks-singlane frå 1964-1966. Pye Records gav òg ut både «Waterloo Sunset» og «Death of a Clown» før sjølve albumet, og dette førte kanskje til at interessa for albumet ikkje vart like stor. Det låge salstalet heldt fram på det neste albumet, The Kinks are the Village Green Preservation Society. Dei fekk ein stor britisk hit til kort tid etter Something Else med «Autumn Almanac», men fram til «Lola» i 1970 fekk dei ikkje fleire i heimlandet.

Something Else selde òg dårleg i USA då det kom ut her i januar 1968. Desse albuma hadde tydelege britiske tema, og i tillegg var bandet bannlyst frå å halde konsertar i USA. Albumet fekk likevel god kritikk, særleg i den gryande undergrunnspressa, som Crawdaddy. I 2010 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone på 289. plass på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

InnhaldEndra

Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd

MedverkandeEndra

KjelderEndra