We Didn't Start the Fire

We Didn't Start the Fire
Singel av Billy Joel
frå albumet Storm Front
B-side

«House of Blue Light»

Språk engelsk
Utgjeve 27. september 1989
Innspelt Juli 1989
Sjanger Rock
Lengd 4:49, 4:29 (singel)
Selskap Columbia
Komponist Billy Joel
Tekstforfattar Billy Joel
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Mick Jones, Billy Joel
Billy Joel-kronologi 
«Baby Grand»
(1987)
We Didn't Start the Fire «Leningrad»
(1990)


«We Didn't Start the Fire» er ein song av Billy Joel frå albumet Storm Front i 1989. Songen vart gjeve ut som den første singelen frå albumet og nådde toppen av singellista i USA. Teksten består av korte, allusjonar til meir enn 100 store hendingar mellom januar 1949 (fødeåret til Joel) og 1989.

Historie

endre

Joel fekk ideen til songen då han akkurat hadde runda 40 år. Han var i platestudio og møtte venen Sean Lennon, som nettopp hadde blitt 21 og sa «Det er ei frykteleg tid å bli 21 på!» Joel svarte «Ja, eg hugsar då eg var 21 -- eg tenkte det var ei frykteleg tid og me hadde Vietnam, narkotikaproblem og borgarrettsproblem og alt verka fælt.» Lennon svarte «Ja, ja, ja, men det var annleis for deg. Du var eit barn av 50-åra og alle veit at ingenting skjedde i 50-åra.» Joel svarte, «Vent no litt, har du ikkje høyrt om Koreakrigen eller Suezkrisa?» Joel sa seinare at desse overskriftene danna grunnlaget for songen.[1][2]

Joel har sagt: «Eg er galen etter historie. Eg sluker bøker. Ein gong ønskte eg å bli historielærar». I følgje mora var han ein bokorm frå han var sju år gammal.[3] I motsetnad til dei fleste songane av Joel, vart teksten skriven før melodien, noko som er opphavet til den noko uvanlege stilen til songen. Songen vart ein enorm salssuksess og den tredje singelen hans som nådde toppen av Billboard-lista. Han vart nominert til Grammyprisen for årets innspeling.[4]

«

Eg hadde runda 40. Det var 1989 og eg sa «Ok, kva har skjedd i livet mitt?» Eg skreiv ned året 1949. Ok, Harry Truman var president. Popsongaren på den tida var Doris Day. Kina vart kommunistisk. Ein annan popsongar var Johnnie Ray. Stort Broadway-show, South Pacific. Journalist, Walter Winchell. Idrettsperson, Joe DiMaggio. Så gjekk eg til 1950 [...]. Det er ein av dei verste melodiane eg har skrive nokon gong, men eg likte teksten.[5]

»

Joel har blanda kjensler for songen. «Han er eit mareritt å spele live, for om eg bommar på eitt ord, så sporar det av».[6] Han har òg kalla han ein «novelty song» som ikkje «eigentleg definerer meg så godt som songane på albumet, som truleg ikkje blir spelt».[7]

Blender rangerte «We Didn't Start the Fire» på 41. plass på lista deira over dei 50 verste songane nokon gong, ei liste som òg inneheld songar av Paul McCartney og Simon & Garfunkel. Dei rekna produksjonen for bombastisk og sa at songen «minnar om ein tentamensstil skriven kvelden før han måtte leverast inn.»[8]

Musikkvideo

endre

Ein musikkvideo for singelen vart regissert av Chris Blum,[9] og syner eit mellomklasse-ektepar som har den amerikanske draumen som mål med ein heim, karrièrar og barn. Dette syner seg som stadig oppussing av kjøkenet, frå 40-talsstil og kvart tiår opp til 80-åra. Samstundes ser ein symbol på den urolege tida i samfunnet på 1900-talet (t.d. brenning av BHar og innkallingsordre til militærteneste). Songaren fungerer som ein usynleg observatør.

Andre versjonar

endre

Det er laga mange parodiar på songen som The Simpsons sin «They'll Never Stop the Simpsons»[10] og acappellagruppa The Richter Scale sin «Here Comes Another Bubble.»

Lister

endre

Plassering

endre
Liste (1989) Plassering
Australia 2
Austerrike 7
Belgia (Flandern)[11] 6
Canada RPM Top Singles 2
Nederland[12] 11
Tyskland Media Control Charts 4
Irland 3
Japan[13] 11
New Zealand 5
UK Singles Chart 7
U.S. Billboard Hot 100 1
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 5
U.S. Billboard Mainstream Rock Tracks 6

Kjelder

endre
  1. Rolling Stone magazine - «Billy Joel Starts a Fire» av Sheila Rogers. Henta 1. september 2014.
  2. Billy Joel Q&A: Tell Us About 'We Didn't Start The Fire?' University of Oxford, May 5, 1994 - http://www.youtube.com/watch?v=Dx3T8pbDcms
  3. Bordowitz, pp. 168, 161, 9
  4. http://www.rockonthenet.com/archive/1990/grammys.htm
  5. DeMain, Bill (2004). In their own words: song writers talk about the creative process. Greenwood Publishing Group. s. 119. ISBN 978-0-275-98402-1. 
  6. Newman, Melinda «Joel Sees Pop Exit with Greatest Hits 3», Billboard, July 26, 1997; cited in Bordowitz, p.169.
  7. Nadboy, Arie, «I am the Edu-Tainer», Island Ear, March 1996; sitert av Bordowitz, s. 169
  8. Aizlewood,John; Collis, Clark; et al. (April 1, 2009). Run for Your Life! It's the 50 Worst Songs Ever! Blender.com. Henta 1. september 2014. Sitert i [1] . Henta 1. september 2014.
  9. Garcia, Alex S. Billy Joel - We didn't start the fire Arkivert 2018-10-21 ved Wayback Machine.. MVDBase - Music Video Database.
  10. Seisman, Matt (April 16, 2009). «We Didn't Start the Song Parody». Techland.com. Time.com. Henta 1. september 2014. 
  11. http://www.ultratop.be/nl/showitem.asp?interpret=Billy+Joel&titel=We+Didn%27t+Start+The+Fire&cat=s (Henta 29. august 2014)
  12. Jans, Micha (updated April 23, 2009) Dutch Top 40 1989 Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine., MichaJans.nl, Jaarlijsten/1989. Henta April 2, 2010.
  13. Oricon Singles Chart Oricon Singles Chart (Henta 2 November 2012)

Bakgrunnsstoff

endre