Graham Lyle
Graham Hamilton Lyle (fødd 11. mars 1944) er ein skotsk songar-låtskrivar, gitarist og produsent, som har vore aktiv sidan midten av 1960-åra.
Graham Lyle | |||
| |||
Fødd | 11. mars 1944 (80 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bellshill i Lanarkshire i Skottland | ||
Fødenamn | Graham Hamilton Lyle | ||
Opphav | Largs i Skottland | ||
Aktiv | 1965 til i dag | ||
Sjanger | Pop, folkrock, countryrock, adult contemporary, softrock, soul | ||
Instrument | Vokal, gitar, mandolin, banjo, bassgitar, fiolin, trommer, munnspel | ||
Stemmetype | baryton | ||
Tilknytte artistar | Gallagher & Lyle, McGuinness Flint, Ronnie Lane | ||
Plateselskap | Capitol, A&M, Mercury, Hypertension | ||
Verka som | låtskrivar, songar, gitarist, musikar, songtekstforfattar, musikkprodusent |
Han er ein av dei mest suksessrike skotske låtskrivarane og har vore medlåtskrivar på 17 topp 40-hittar i Storbritannia, åtte hittar på Billboard Hot 100 i USA, fire songar på toppen av country-lista i USA, ein song på toppen av adult contemporary-lista i USA og tre førsteplassar i Australia mellom 1970 og 1997. Som låtskrivar har han samarbeidd med Terry Britten, Albert Hammond, Troy Seals, Jim Diamond og partneren Benny Gallagher.[1][2]
Den mest kjende låten han skreiv er Tina Turner-hitten «What's Love Got to Do with It?» i 1984, som nådde toppen av listene i USA, Canada og Australia og som gav han Grammy-prisen for årets song det året.[3] Han er òg godt kjend i Storbritannia og Europa som medlem av Gallagher and Lyle, McGuinness Flint og Ronnie Lane-bandet Slim Chance.[4]
Songar av Lyle er blitt framført av somme av dei største namna i musikkindustrien, som Michael Jackson og Stevie Wonder, Ray Charles, Diana Ross, Etta James, Patti Labelle, Anita Baker, Joe Cocker, Wyclef Jean, Fat Joe, Rod Stewart, Tom Jones, The Neville Brothers, Hall and Oates, Kenny Rogers, Crystal Gayle, Jim Diamond, The Judds, Wet Wet Wet, Paul Young, Bucks Fizz, Eros Ramazotti og Warren G, men det er arbeidet med Tina Turner Lyle er mest kjend for.[5]
Hitsinglar som låtskrivar
endre- «When I'm Dead and Gone»: UK#2, US#47 (1970)
- «Malt and Barley Blues": UK#5 (1971)
- «I Wanna Stay With You» av Gallagher and Lyle: UK#6, US#49 (1976)
- «Heart On My Sleeve": UK#6, US#67; Bryan Ferry sin versjon nådde US#86 [10] (1976)
- «Breakaway»: UK#35; Art Garfunkel sin versjon nådde US#39 og US AC#1 [11] (1976)
- «Every Little Teardrop": UK#32 (1977)
- «I Should Have Known Better»: UK#1, AUS#1 (1984)
- «What's Love Got to Do with It?»: US#1, UK#3, AUS#1 (1984)
- «We Don't Need Another Hero»: UK#3, US#3, AUS#1 (1985)
- «Typical Male»: US#2, UK#33 (1986)
- «Two People»: US#30, UK#43 (1986)
- «What You Get Is What You See»: US#13, UK#30 (1987)
- «I Don't Wanna Lose You»: UK#8 (1989)
- «Way of the World»: UK#13 (1991)
- «I Want You Near Me»: UK#22 (1992)
- «Something Beautiful Remains»: UK#27 (1996)
- «My Father's Son»: UK#12 (1997)
- «Earthbound»: UK#14 (1997)
Førsteplassar på countrylista i USA[6]
- «Stay Young» av Don Williams: US Hot Country#1 (1983)
- «Straight to the Heart» av Crystal Gayle: US Hot Country#1 [15] (1986)
- «Maybe Your Baby's Got the Blues» av The Judds: US Hot Country#1 [16] (1987)
- «Joe Knows How to Live» av Eddy Raven: US Hot Country#1 [17] (1988)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Graham Lyle» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mai 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «BBC Radio Scotland - Musical Legends, Graham Lyle». bbc.co.uk. Henta 14. mai 2016.
- ↑ «Goodsingle - License music the easy way». goodsingle.com. Henta 14. mai 2016.
- ↑ «International Tina Turner Fan Club - Archives». tinaturnerfanclub.eu. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 14. mai 2016.
- ↑ «Gallagher & Lyle Biography - ARTISTdirect Music». artistdirect.com. Henta 14. mai 2016.
- ↑ «Hornall Brothers, Graham Lyle». hobro.co.uk. Henta 14. mai 2016.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 «Goodsingle - License music the easy way». goodsingle.com. Henta 14. mai 2016.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 «everyHit.com - UK Top 40 Chart Archive, British Singles & Album Charts». everyhit.com. Henta 14. mai 2016.
- ↑ «McGuinness Flint - Chart history | Billboard». billboard.com. Henta 14. mai 2016.
- ↑ «Gallagher & Lyle - Chart history | Billboard». billboard.com. Henta 14. mai 2016.
- ↑ «Bryan Ferry - Chart history | Billboard». billboard.com. Henta 14. mai 2016.
- ↑ «Art Garfunkel - Chart history | Billboard». billboard.com. Henta 14. mai 2016.
- ↑ 12,0 12,1 «Number Ones in 1985 - Take 40». take40.com. Arkivert frå originalen 8. oktober 2014. Henta 14. mai 2016.
- ↑ «Tina Turner - Chart history | Billboard». billboard.com. Henta 14. mai 2016.
- ↑ «Number Ones in 1984 - Take 40». take40.com. Arkivert frå originalen 8. oktober 2014. Henta 14. mai 2016.
- ↑ «Crystal Gayle - Chart history | Billboard». billboard.com. Henta 14. mai 2016.
- ↑ «The Judds - Chart history | Billboard». billboard.com. Henta 14. mai 2016.
- ↑ «Eddy Raven - Chart history | Billboard». billboard.com. Henta 14. mai 2016.