Wenche
kvinnenamn
Wenche er eit kvinnenamn av (neder)tysk opphav. Det har norsk namnedag den 17. august.
Andre skrivemåtar er Venke, Wenke, Venche, Wencke, Vence eller Vencke.
Namnet oppstod som ei tysk form av det mellomnedertyske Wineke, som igjen var danna som kjæleform av namn som byrja med Win- eller Wen-. Dette leddet tyder 'venn'.
Namnet er kjend i Noreg frå 1500-talet. Namnet var mykje brukt frå rundt 1940 til rundt 1970, då over 1 % av nyfødde jenter fekk namnet Wenche. I 2009 var det 14 586 norske kvinner som bar namnet.
Namneberarar
endre- Wenche Foss (f. 1917), norsk skodespelar, fødd Eva Wenche Steenfeldt Foss
- Wenche Blomberg (f. 1943), norsk forfattar
- Wenche Krossøy (f. 1943), norsk forfattar
- Wenche Myhre (f. 1947), norsk songar
- Wenche Kvamme (f. 1950), norsk songar og skodespelar
- Wencke Mühleisen (f. 1953), norsk forskar og feminist
- Wenche Lyche (f. 1965), norsk kledeskapar
- Venke Knutson (f. 1978), norsk songar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wenche» frå Wikipedia på bokmål, den 16. august 2009.
- «Wenche» i Store norske leksikon, snl.no.