Opna hovudmenyen

Wenche Krossøy (fødd 25. oktober 1943 på Andørja i Troms, død 12. mars 2010 i Bergen) var ein norsk forfattar. Ho var store delar av livet busett i Salhus, og flytta til Danmarksplass i Bergen rundt 2004. Krossøy har skrive både for vaksne og barn.

Wenche Krossøy
Fødd 25. oktober 1943
Død

12. mars 2010

Yrke skribent

Wenche Krossøy voks opp på Andørja i Troms. Familien dreiv med jordbruk og hadde hest, sauer og kyr, og faren drog òg på Lofotfiske. Barndomsminna frå Nord-Noreg vart brukte i Wenche Krossøy sine første barnebøker. Ho var utdanna frå folkehøgskole, med delartium, Nansenskolen og studium i mediekunnskap frå Volda distriktshøgskole. Ho arbeidde på kontor, og hadde kunstnarstipend.

Wenche Krossøy debuterte i 1974 med Mens pappa er på Lofoten, og gav ut 11 barne- og ungdomsbøker. Ho fekk Kultur- og kirkedepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur for Magdalena (1977). Dei første bøkene hennar skildrar utkantmiljø i Nord-Noreg med understreking av dei positive verda i bygdemiljøet.

Wenche Krossøy skreiv òg dikt og noveller for vaksne. Novella «Tørst» kom ut i 1977 og har vore brukte i lærebøker i vidaregåande skular. Novella handlar om ei sliten vaskekone som tek antidepressiva for å døyve smerta ho kjenner ved å føle seg underlegen og einsam.

Magdalena vart i 1980 oppført som norsk bidrag til IBBY Honour List 1980.

BibliografiEndra

  • Mens pappa er på Lofoten 1974
  • Oluf og Ror-Lovisa 1975
  • Magdalena 1977
  • Er det sant 1980
  • Loliletta 1981
  • Den sovande fuglen 1983
  • Blåhuset 1985
  • Gullnøkkelen 1987
  • Den kvite steinen 1989
  • Angelus 1993

BakgrunnsstoffEndra

KjeldeEndra