Werknesh Kidane (fødd 21. november 1981) er ein etiopisk tidlegare langdistanseløpar som vann sølvmedaljen på 10 000 meter under verdsmeisterskapen 2003.

Werknesh Kidane


Statsborgarskap Etiopia
Fødd 21. november 1981 (42 år)
Tigrayregionen
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Aktiv endre

Kidane utmerkte seg fyrst og fremst i terrengløp. Åra 2002-05 sanka ho ein gull-, tre sølv- og to bronsemedaljar i verdsmeisterskapane i terrengløping. Gullmedaljen kom då ho i 2003 tok ein klar siger i lang løype ved meisterskapen i sveitsiske Avenches.

Året 2003 var Kidane i sitt livs form, noko som også viste att i baneløpinga. I Bislett Games i Oslo sette ho i juni personleg rekord på 5 000 meter med tida 14.33,0, klart slått i spurten av landskvinna Berhane Adere. Det same hende i milløpet under Friidrett-VM 2003 i Paris. Adere var suveren i innspurten, Kidane sette personbeste med sterke 30.07,1 og kneip sølvmedaljen, hårfint framom kinesiske Sun.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kidane og ektemannen har utvandra frå Etiopia til USA.

Kjelder endre