When I Grow Up (To Be a Man)
«When I Grow Up (to Be a Man)» Singel av The Beach Boys frå albumet The Beach Boys Today! | ||
Utgjeve | 24. august 1964 | |
Innspelt | instrument: 5. august 1964 vokal og gitarsolo: 10. august 1964 | |
Sjanger | Sunshine pop | |
Lengd | 2:01 | |
Selskap | Capitol Records | |
Tekstforfattar | Brian Wilson | |
Produsent | Brian Wilson | |
The Beach Boys-kronologi | ||
---|---|---|
«I Get Around» (1964) |
«When I Grow Up (to Be a Man)» | «Dance, Dance, Dance» (1964)
|
«When I Grow Up (to Be a Man)» er ein song skriven av Brian Wilson og Mike Love for det amerikanske popbandet The Beach Boys. Songen vart gjeven ut i 1965 på albumet deira The Beach Boys Today! og som singel nådde han niandeplassen på hitlistene i USA. Singelen kom ut i 1964 med «She Knows Me Too Well» som B-side. Songen vert sungen av både Brian Wilson og Mike Love.
Komposisjon
endreI november 1969 selde far til Wilson-brørne, Murry Wilson, rettane til songane til bandet til Irving Almo for om lag $700 000.[1] I april 1992, like etter at Brian Wilson hadde vunne ei rettssak og fått rettane til songane sine attende, tapte han eit søksmål frå Mike Love, som hevda at han hadde vore med å skrive fleire av songane til Beach Boys og ikkje fått honorar for dette.[2] Ein av desse songane var «When I Grow Up (To Be a Man)». Songen var opphavleg berre tilskriven Brian og Carl Wilson, men Mike Love hevda at han hadde vore med å skrive teksten.
Innspeling
endreSongen vart spelt inn over to dagar i 1964 i Western Recorders. Instrumenttsporet vart spelt inn 5. august og vokale lagt på fem dagar seinare, den 10. august. Instrumentsporet, som var arrangert av Brian Wilson, vart spelt av Carl Wilson on på solo- og rytmegitar, Al Jardine på elektrisk bassgitar, Brian Wilson på akustisk piano og cembalo, Carrol Lewis på munnspel og Dennis Wilson på trommer. Både Mike Love og Brian Wilson syng solovokal på songen, medan Brian, Carl & Dennis Wilson, Mike Love og Al Jardine syng korvokal.
Salslister
endreListe (1964) | Plassering |
---|---|
Canadian RPM Singles Chart[3] | 1 |
UK Singles Chart[4] | 27 |
U.S. Billboard Hot 100[5] | 9 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «When I Grow Up (To Be a Man)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. august 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Beach Boys Timeline - 1969, arkivert frå originalen 21. juni 2007, henta 21. juni 2007
- ↑ Beach Boys Timeline - 1992, arkivert frå originalen 7. oktober 2011, henta 7. oktober 2011
- ↑ «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 5. mars 2018.
- ↑ «Beach Boys». Official Charts Company. Henta 5. mars 2018.
- ↑ «The Beach Boys awards on Allmusic». Allmusic. Henta 5. mars 2018.