The Beach Boys Today!
The Beach Boys Today! Studioalbum av The Beach Boys | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. mars 1965 | |
Innspelt | Hovudinnspeling: 7.-19. januar 1965 Sporadisk: 8. og 22. juni, 5. & 8. august, 9. oktober og 16. desember 1964 | |
Sjanger | Rock, Surferock, Barokk pop, Sunshine pop | |
Lengd | 28:54 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | Brian Wilson | |
The Beach Boys-kronologi | ||
---|---|---|
The Beach Boys' Christmas album (1964) |
The Beach Boys Today! | Summer Days (and Summer Nights!!) (1965) |
Singlar frå Today! | ||
|
The Beach Boys Today! er det åttande studioalbumet til The Beach Boys og det første av tre album dei gav ut i 1965. Sjølv om få merka det då albumet kom ut, markerte The Beach Boys Today! eit stort vendepunkt for bandet, og særleg for det personlege livet til bandleiaren Brian Wilson.[6]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Blender | [2] |
Encyclopedia of Popular Music | [3] |
MusicHound | 4/5[4] |
The Rolling Stone Album Guide | [5] |
Etter Pet Sounds er albumet det mest kritikarroste albumet til The Beach Boys. Albumet inneheld originalutgåva av den klassiske hitten «Help Me, Rhonda».
I 1965 nådde The Beach Boys Today! (Capitol (D) T 2269) fjerdeplassen på den amerikanske albumlista og låg på lista i 50 veker.[7] Han nådde sjetteplassen i Storbritannia sommaren 1966.[8]
Historie
endre1964 var eit særs travelt år for The Beach Boys og dei gav ut fire album på tolv månader, i tillegg til at dei spelte inn to av singlane som kom med på dette albumet, «When I Grow Up (To Be a Man)» og «Dance, Dance, Dance»[6] Som leiaren i bandet var Wilson både fysisk og psykisk utsliten, men den stadig aukande populariteten til The Beatles gjorde at Wilson strevde seg vidare for å halde følgje. 23. desember 1964 fekk Brian Wilson eit nervesamanbrot og forstod at han måtte kutte ned på noko. Han valde då å slutte å turnere med bandet.[9]
Det meste av The Beach Boys Today! vart spelt inn i januar 1965 og under desse innspelingane informerte han resten av bandet han ønskte å vere att i studio og skape musikk, medan resten av bandet la ut på turne og spelte for publikum.[6] Bandet godtok dette motvillig og etter ein kort periode med Glen Campbell som erstattar for Wilson, tok Bruce Johnston, ein musikar som tidlegare hadde spelt i lag med Terry Melcher i The Ripchords og ein stor tilhengjar av bandet, over rolla som bassisten i bandet i april 1965, samstundes med at The Beach Boys Today! gjekk inn på listene.[10] Mange reknar dette albumet som starten på den meir modne musikkstilen til Brian Wilson.
Albumet er kjend for at eine sida består av livlege songar og den andre av melankolske balladar.[10] På den første halvdelen vart «When I Grow Up (To Be a Man)», «Dance, Dance, Dance» og «Do You Wanna Dance?» alle hittar, og «Help Me, Ronda» vart omskrive, spelt inn på nytt og gjeve ut på ein singel som vart den andre førsteplassen på singellista for bandet i mai 1965.[11] Den andre, rolegare sida, var ein indikasjon på kva retning Brian Wilson drog mot musikalsk. Balladane på den andre sida er mørkare og meir meiningsfulle enn dei tidlegare balladane bandet spelte inn, og vert rekna som ein forgjengar for Pet Sounds med strykarar, piano, meir perkusjon og volumeffektar.
Den musikalske endringa såg ikkje ut til å påverke platesalet og The Beach Boys Today! nådde fjerdeplassen på albumlista i USA og selde til gullplate. Året etter nådde plata sjetteplass i Storbritannia. I 2012 vart albumet rangert på 271. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.
Det har seinare kom for dagen at Brian Wilson starta å nytte marihuana i desember 1964 for avspenninga sin del, og då han oppdaga effekten dette hadde på måten han oppfatta musikk på, vart han ein fast brukar.[12]
Innhald
endreNr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Do You Wanna Dance?» (Bobby Freeman) | Dennis Wilson | 2:19 |
2. | «Good to My Baby» | Brian Wilson og Mike Love | 2:16 |
3. | «Don't Hurt My Little Sister» | Brian Wilson og Mike Love | 2:07 |
4. | «When I Grow Up (To Be a Man)» | Brian Wilson og Mike Love | 2:01 |
5. | «Help Me, Rhonda» | Al Jardine | 3:08 |
6. | «Dance, Dance, Dance» (Brian Wilson/Carl Wilson/Mike Love) | Brian Wilson og Mike Love | 1:59 |
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Please Let Me Wonder» | Brian Wilson og Mike Love | 2:45 |
8. | «I'm So Young» (William H. Tyrus Jr.) | Brian Wilson | 2:30 |
9. | «Kiss Me, Baby» | Brian Wilson og Mike Love, | 2:09 |
10. | «She Knows Me Too Well» | Brian Wilson | 2:27 |
11. | «In the Back of My Mind» | Dennis Wilson | 2:07 |
12. | «Bull Session with the "Big Daddy"» (Brian Wilson/Carl Wilson/Mike Love/Al Jardine) | gruppeintervju | 2:10 |
Medverkande
endreKjelde frå kontraktane til Musician's Union AFM og studioopptak.[13]
The Beach Boys
- Al Jardine – solo-, harmoni- og korvokal; elektrisk rytmegitar; bassgitar; handklapping
- Mike Love – solo-, harmoni- og korvokal; handklapping
- Brian Wilson – solo-, harmoni- og korvokal; 4- og 6-strengs bassgitar; piano; cembalo; Hammondorgel; handklapping
- Carl Wilson – harmoni- og korvokal; solo-, rytme og 12-strengsgitar; 6-strengs bassgitar; handklapping
- Dennis Wilson – solo-, harmoni- og korvokal; trommer, tamburin, handklapping
Andre musikarar og teknisk personell
- Hal Blaine – trommer, perkusjon
- Chuck Britz – lydteknikar
- Glen Campbell – gitar
- Peter Christ – engelsk horn
- Steve Douglas – tenorsaksofon
- David Duke – valthorn
- John Gray – flygel
- Carl Fortina – trekkspel
- Plas Johnson – tenorsaksofon
- Carol Kaye – bassgitar
- Barney Kessel – klassisk nylongitar, 12-strengsgitar
- Larry Knechtel – bassgitar
- Larry Levine – lydteknikar
- Carrol Lewis – munnspel
- «Louie» (ukjende etternamn) – kastanjettar
- Jack Nimitz – saksofon
- Jay Migliori – barytonsaksofon
- Earl Palmer – trommer, timbales
- Don Randi – spikerpiano, orgel
- Bill Pitman – elektrisk gitar, akustisk gitar
- Ray Pohlman – bassgitar
- Billy Lee Riley – munnspel
- Leon Russell – piano, orgel
- Billy Strange – elektrisk gitar, elektrisk mandolin
- Ron Swallow – tamburin
- Tommy Tedesco – autoharpe, elektrisk gitar, mandolin
- Russ Titelman – perkusjon (mikrofonstativ slått med skrujern)
- Julius Wechter – vibrafon, bjøller, pauker, tamburin, conga
- Jerry Williams – vibrafon, pauker
- Marilyn Wilson – korvokal
- ukjend – obo, cello, fiolin, bratsj, engelsk horn
Salslister
endreAlbum
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1965 | Tyskland[14] | 14 |
1965 | US Billboard 200 Albums Chart[15] | 4 |
1965 | UK Top 40 Album Chart[16] | 6 |
Singlar
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1964 | «Dance, Dance, Dance» | US Billboard Hot 100 Singles Chart | 8 |
1964 | «When I Grow Up (To Be a Man)» | US Billboard Hot 100 Singles Chart | 9 |
1965 | «Do You Wanna Dance?» | US Billboard Hot 100 Singles Chart | 12 |
1965 | «Please Let Me Wonder» | US Billboard Hot 100 Singles Chart | 52 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Beach Boys Today!» frå Wikipedia på engelsk, den 29. august 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Unterberger, Richie. «Today!». AllMusic. Henta 28. oktober 2012.
- ↑ «Blender review».
- ↑ Larkin, Colin, red. (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th utg.). London: Oxford University Press. s. 479. ISBN 978-0-19-531373-4.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 83. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ Brackett, Nathan; with Hoard, Christian, red. (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). New York, NY: Fireside/Simon & Schuster. s. 46. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Leaf, David (1990).The Beach Boys Today!/Summer Days (and Summer Nights!!) (1990 CD-hefte)
- ↑ http://www.billboard.com
- ↑ Brown, Tony (2000). "The Complete Book of the British Charts"
- ↑ White, Timothy (1994). «The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys and the Southern California Experience»
- ↑ 10,0 10,1 http://www.allmusic.com
- ↑ Whitburn, Joel (2002). "Top Pop Singles 1955-2001"
- ↑ Wilson, Brian/Gold, Todd (1991). "Wouldn't It Be Nice - My Own Story"
- ↑ Craig Slowinski (2007). «The Beach Boys – The Beach Boys Today!» (PDF). Henta October 27, 2012.
- ↑ «Album Search: The Beach Boys – The Beach Boys Today!» (på tysk). Media Control. Henta 5. mars 2018.
- ↑ «Today! - The Beach Boys: Awards». AllMusic.
- ↑ «UK Top 40 Hit Database». EveryHit.
Bakgrunnsstoff
endre- Tekstane til The Beach Boys Today! Arkivert 2007-08-07 ved Wayback Machine.
- Melding av The Beach Boys Today! på CriticalMess.net Arkivert 2007-11-24 ved Wayback Machine.
467: BLACKsummersnight Maxwell |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 466 The Beach Boys Today! The Beach Boys |
465: The Best of the Classic Years King Sunny Adé |
272: Dig Me Out Sleater-Kinney |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 271 The Beach Boys Today! The Beach Boys |
270: Some Girls The Rolling Stones |