Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 25, 2011
Jonsok veka, og jonsok det handlar òg om forslag 1:
Døyparen Johannes (hebr. Jochanan ben Sacharja, arab. Yahya) er ein profet innan fleire religionar, mellom anna kristendommen, islam og bahai. Han er nemnd i blant anna Koranen, Det nye testamentet og i bahaitekstar. Døyparen Johannes var virksam på 20-talet e.Kr. Han var ein jødisk domsprofet og botpredikant. Relikviene etter han vert tekne vare på i Umayyadmoskeen i Damaskus.
Etter Lukas-evangeliet i Det nye testamentet var Johannes son til presten Sakarja og Elisabet. Elisabet var ein nær slektning (kanskje syskenbarn) til til Jesu mor Maria. Maria vitja Elisabet medan ho var svanger med Johannes; i følgje Lukasevangeliet rørte han seg i livet til mora då Maria helsa henne. Denne vitjinga vert feira på Maria besøksdag 2. juli. Johannes vart fødd seks månader før Jesus. Jonsok vert feira 24. juni til minne om fødselen hans.
Hogne 8. april 2011 kl. 10:37 (CEST)