Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 6, 2006

Hugo Alvar Henrik Aalto var ein arkitekt og formgjevar. Han vart fødd den 3. februar 1898 i Kuortane i Finland. Han døydde den 11. mai 1976 i Helsinki. Alvar Aalto er ein av dei mest kjende finske arkitektane gjennom historia. Han var banbrytande inom moderne arkitektur. Mellom kjende bygg teikna av Aalto er Finlandiahuset i Helsingfors og eit bustadområde i Seinäjoki. I bustadområdet inngår kyrkje, rådhus, bibliotek, teater og politistasjon. Det meste av arkitekturen hans var nydannande. Aalto vart i tillegg vidgjeten som formgjevar. Han arbeidde mykje med formgjeving av glas, eit døme er den såkalla Aalto- vasen. Andre kjende verk er Kulturhuset i Helsingfors, Rovaniemi bibliotek og Viborg bibliotek. Aalto teikna den finske paviljongen på verdsutstillinga i 1939. Les meir.

Førre tre veker: EkkokardiografiWolfgang Amadeus MozartSalt

Hogne 3. februar 2006 kl. 23:21 (UTC)

Eg beklagar at eg fjerna signaturen din, Hogne, men eg fiksa det att rett etterpå. Grunnen var at eg trudde dette var prosjektsida og ikkje diskusjonssida, dei har jo nesten same innhald. --EIRIK\diskusjon 4. februar 2006 kl. 12:17 (UTC)
Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 6, 2006».