Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 12, 2009
Karl Marx (1818 - 1883), var ein tysk forfattar, intellektuell samfunnsgranskar, filosof og politisk økonom. Han blir rekna som den mest framståande tenkjaren i arbeidarrørsla og var saman med Friedrich Engels opphavsmannen til den økonomiske og revolusjonære teorien som vert kalla marxisme. Marx er mest kjend for analysen og kritikken av den kapitalistiske økonomien og handsaminga av klassekampen. Marxismen ligg til grunn for mykje av den sosialistiske og kommunistiske tankegangen. Marx var ein skarp kritikar av den kapitalistiske samfunnsordninga på 1800-talet.
Bokverket Das Kapital blir rekna som det viktigaste verket hans. Ei viss tolking av marxismen fekk stor innverknad på den politiske utviklinga, spesielt i Russland. Aust-Europa, Kina, arbeidarrørsla i den vestlege verda og delar av den tredje verda elles har òg late seg inspirera av det som blei oppfatta som marxisme. Les meir …