Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 35, 2006
Aberdeen, (Obar Dheathain på skotsk gælisk) er ein by nordaust i Skottland. Byen utgjer kjerna i byområdet City of Aberdeen, og er hovudsete for den skotske regionen Aberdeenshire, sjølv om byen ikkje lenger ligg i regionen. Aberdeen er òg den viktigaste hamna i denne delen av Skottland, og den tredje største byen etter folketal. I dag vert Aberdeen ofte kalla Europas oljehovudstad. Byen er senter for det meste av petroleumsverksemda på britisk kontinentalsokkel, og oljeindustrien utgjer ryggrada i den lokale økonomien. Ei rad norske føretak innan oljeindustrien er representert i Aberdeen. Les meir…