Opna hovudmenyen

«Wild Mountain Thyme» (òg kalla «Purple Heather» og «Will Ye Go, Lassie, Go?») er ei folkevise skriven av Francis McPeake frå ein kjend musikalsk familien frå Belfast i Irland, og av skotsk opphav.[1] Teksten til McPeake er ein variant av songen «The Braes of Balquhither» av den skotske diktaren Robert Tannahill (1774–1810), som levde samstundes med Robert Burns. Den originale songen til Tannahill, som først vart publisert i Scottish Minstrel (1821–24) av Robert Archibald Smith handlar om åsane (braes) kring Balquhidder nær Lochearnhead. Tannahill samla og tilpassa tradisjonelle songar, slik Bruns gjorde, og «The Braes of Balquhither» kan ha vore basert på den tradisjonelle songen «The Braes o' Bowhether».

HistorieEndra

Melodien til McPeake for «Wild Mountain Thyme» er heilt annleis melodien til Tannahill for «The Braes of Balquhither», som truleg var basert på ein tradisjonell melodi. I ein publikasjon frå 1850, Scottish Songs, redigert av George Farquhar Graham, vert det indikert at songen til Tannahill vart sett til musikk av R. A. Smith sjølv. Andre forskarar meiner melodien kan vere basert på melodien til den gamle skotske folkevisa «The Three Carls o' Buchanan».[2]

McPeake dediserte «Wild Mountain Thyme» til den første kona si. Mange år etter ho døydde, gifta McPeake seg på ny, og sonen Francis McPeake II, skreiv eit ekstra vers for å feire bryllaupet. «Wild Mountain Thyme» vart først spelt inn av nevøen til McPeake, som òg heiter Francis McPeake, i 1957 for BBC-serien As I Roved Out.[2]

Sjølv om Francis McPeake har opphavsretten til songen, meiner ein generelt at han ikkje skreiv songen, men heller arrangerte ein folkeversjon basert på den tradisjonelle teksten med ein versjon av ein annan melodi som han gjorde populær.[3] Då han vart intervjua på radio[4] sa McPeake at han var baser tpå ein song han høyrte då han reiste i Skottland, og som han seinare skreiv om då han var heime att i Irland. Innspelinga til Bob Dylan av songen er oppført som ein tradisjonell melodi, med ukjend arrangør, sjølv om opphavsrettsregisteret til Dylan indikerer at songen stundom er «tilskriven» McPeake.[5]

TekstEndra

Versjonen til McPeake av songen, publisert i 1957, ligg nær versjonen til Tannahill, som vart publisert posthumt i 1821.[1] Den originale teksten til Tannahill nyttar fleire fraser som McPeake nytta i songen sin, som linjene «Let us go, lassie, go» og «And the wild mountain thyme».[6][7][8][9][10]

«The Braes of Balquhither»

Let us go, lassie, go
To the braes o' Balquhither,
Where the blae-berries grow
'Mang the bonnie Highland heather;
Where flie deer and the rae
Lightly bounding together,
Sport the lang summer day
On the braes o' Balquhither.
I will twine thee a bower,
By the clear siller fountain,
And I'll cover it o'er
Wi' the flowers o' the mountain;
I will range through the wilds,
And the deep glens sae dreary,
And return wi' their spoils.
To the bower o' my deary.
When the rude wintry win'
Idly raves round our dwelling,
And the roar of the linn
On the night breeze is swelling,
So merrily we'll sing,
As the storm rattles o'er us,
'Till the dear sheeling ring
Wi' the light lilting chorus.
Now the summer is in prime,
Wi' the flowers richly blooming,
And the wild mountain thyme
A' the moorlands perfuming;
To our dear native scenes
Let us journey together,
Where glad innocence reigns
'Mang the braes o' Balquhither.

«Wild Mountain Thyme»

Oh, the summer time is coming,
And the trees are blooming,
And the wild mountain thyme
Grows around the blooming heather.
Will you go, lassie, will you go?
Refreng:
And we'll all go together
To pull wild mountain thyme
All around the blooming heather,
Will you go, lassie, go?
I will build my love a bower
By yon clear and crystal fountain,
And all around the bower,
I'll pile flowers from the mountain.
Will you go, lassie, will you go?
If my true love, she won't have me,
I will surely find another
To pull wild mountain thyme
All around the blooming heather.
Will you go, lassie, will you go?
Oh, the summertime is coming
And the trees are blooming
And the wild mountain thyme
Grows around the blooming heather.
Will you go, lassie, will you go?

InnspelingarEndra

Dette er ei liste av somme av innspelingane av songen.[11]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Ferguson, Jim (2011). «A weaver in wartime: a biographical study and the letters of Paisley weaver-poet Robert Tannahill (1774–1810).». University of Glasgow. 
  2. 2,0 2,1 Grant, Stewart. «Wild Mountain Thyme (Francis McPeake)». More Roots of Bob. Henta 20. januar 2015. 
  3. Hickerson, Joe (March 2008). «New questions with answers.». Sing Out!. 
  4. BBC Radio 2 program «Folk on Two», broadcast in the 1970-åra by Jim Lloyd https://en.wikipedia.org/wiki/BBC_Radio_2#Past_presenters
  5. Dunn, Tim (2008). The Bob Dylan Copyright Files, 1962–2007. AuthorHouse. s. 397. ISBN 1438915896. 
  6. Smith, R. A. (1821). Scottish Minstrel. 
  7. Graham, George Farquhar (1850). Scottish Songs. 
  8. «Cantaria: Traditional: Wild Mountain Thyme». Chivalry. Henta 20. januar 2015. 
  9. «Renaissance Festival Lyrics: The Braes of Balquhidder (Wild Mountain Thyme)». Renaissance Festival Music. Henta 20. januar 2015. 
  10. Tannahill, Robert (1877). Complete Songs and Poems of Robert Tannahill. Paisley: William Wilson. s. 6–7. OCLC 262462998. 
  11. «Wild Mountain Thyme». Discogs. Henta 20. januar 2015. 
  12. «Fifth Dimension». AllMusic. Henta 10. desember 2009. 
  13. «The Minnesota Tapes». Agent EB's Bob Dylan Page. Arkivert frå originalen 6. august 2009. Henta 20. januar 2015. 
  14. «Bob Dylan & The Band – 31. august 1969 Isle of Wight». The Bootleg Zone. Henta 20. januar 2015. 

BakgrunnsstoffEndra

 

Originaltekst av Wild Mountain Thyme ved Wikisource (en).