Fifth Dimension
Studioalbum av The Byrds
Språk engelsk
Utgjeve 18. juli 1966
Innspelt 24. januar til 25. mai 1966
Studio Columbia Studios, Hollywood, CA
Sjanger
Lengd 29:59
Selskap Columbia
Produsent Allen Stanton
The Byrds-kronologi 
Turn! Turn! Turn!
(1965)
Fifth Dimension Younger Than Yesterday
(1967)


Singlar frå Fifth Dimension
  1. «Eight Miles High»
    Utgjeve: 14. mars 1966
  2. «5D (Fifth Dimension)»
    Utgjeve: 13. juni 1966
  3. «Mr. Spaceman»
    Utgjeve: 6. september 1966

Fifth Dimension er det tredje albumet til det amerikanske folkrockbandet The Byrds. Det kom ut i juli 1966 på Columbia Records.[1][6] Det meste av albumet vart spelt inn etter at den viktigaste låtskrivaren i bandet, Gene Clark forlet bandet i februar 1966.[7][8] I eit forsøk på å kompensere for tapet, skreiv Jim McGuinn og David Crosby fleire songar enn dei tidlegare hadde gjort.[9] Trass i dette førte tapet av Clark til eit ujamt album som hadde med i alt fire coverversjonar og ein instrumental.[1][7] Albumet er det første av The Byrds som ikkje har med nokre songar av Bob Dylan.[7]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[1]
Blender4/5 stars[2]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[3]
Entertainment WeeklyB[2]
Melody Maker«Recommended»[2]
MusicHound3/5[4]
NME8/10[2]
Q4/5 stars[2]
The Rolling Stone Album Guide4.5/5 stars[5]

Albumet nådde 24. plassen på Billboard Top LPs-lista i USA og 27. plassen på UK Albums Chart i Storbritannia.[10][11] To singlar vart gjevne ut før albumet kom ut, «Eight Miles High» og «5D (Fifth Dimension)». Desse var begge med på albumet. Seinare vart ein tredje singel gjeven ut for albumet, «Mr. Spaceman». Då det kom ut vart Fifth Dimension rekna som det mest eksperimentelle albumet bandet hadde gjeve ut til då, og vert i dag rekna som viktig for starten av sjangeren psykedelisk rock.[7][9]

Bakgrunn endre

Den 22. desember 1965, kort tid etter utgjevinga av det andre albumet deira, Turn! Turn! Turn!, gjekk The Byrds inn i RCA Studios i Los Angeles for å spele inn «Eight Miles High» og «Why», to nye songar dei nettopp hadde skrive.[12] Begge songane representerte eit kreativt sprang framover for bandet og var viktige i å utvikle musikkstilane psykedelisk rock og ragarock.[7][13][14] Men bandet hamna i trøbbel med plateselskapet deira, Columbia Records, som nekta å gje ut dei to songane fordi dei ikkje hadde blitt spelt inn i eit studio som høyrde til Columbia.[13] Som følgje av dette måtte bandet spele inn att begge songane i Columbia Studios i Hollywood, og det var desse nyinnspelingane som kom ut på singelen «Eight Miles High» og albumet Fifth Dimension.[8][12]

Nyinnspelingane av «Eight Miles High» og «Why» vart produserte av Allen Stanton, visedirektøren i Columbia på Vestkysten, som hadde fått jobben etter at Byrds valde å kaste ut den førre produsenten deira, Terry Melcher.[13][15] Melcher hadde guida Byrds gjennom innspelingane av dei to første folkrockalbuma deira, med dei internasjonale hittane «Mr. Tambourine Man» og «Turn! Turn! Turn!», som begge gjekk til topps på den amerikanske singellista.[16][17] Men under innspelinga av Turn! Turn! Turn! hamna Melcher i krangel med manageren deira Jim Dickson, som sjølv hadde ønskje om å produsere Byrds.[15] Ein månad etter det andre albumet deira kom ut, gjekk Dickson til Columbia, med støtte frå The Byrds, og insisterte på at Melcher måtte erstattast.[15] Håpet Dickson hadde om å få produsere bandet sjølv vart knust då plateselskapet valde Allen Stanton som den nye produsenten deira.[15] Denne avgjersla kom av at Columbia hadde reglar om at berre tilsette hos Columbia kunne produsere artistane i stallen deira.[15] Stanton arbeidde som produsent for The Byrds gjennom heile innspelinga av Fifth Dimension, men slutta i Columbia og byrja i A&M Records kort tid etter albumet kom ut.[9]

Etter nyinnspelinga av «Eight Miles High» i januar 1966 og like før singelen kom ut i mars det året, slutta den viktigaste låtskrivarane i bandet, Gene Clark.[8] På den tida var den offisielle soga at Clark slutta av fordi flyskrekken hans hindra han i å utføre pliktene sine i gruppa.[18] Men i løpet av åra er det blitt kjend at det var andre faktorar som spelte inn òg, mellom anna at resten av bandet mislikte at han tente meir pengar enn dei, sidan han skreiv fleire songar.[18][19] Sjølv om Clark deltok på heile songen «Eight Miles High», vart dei andre ti songane på Fifth Dimension spelte inn etter han slutta i bandet.[7]

Musikk endre

Den utan tvil mest kjende songen på albumet er hitsingelen «Eight Miles High», eit tidleg steg inn i psykedelisk rock.[20][21] Musikalsk var songen ei blanding av John Coltrane-aktig gitar, framført av sologitaristen Jim McGuinn—og raga-basert musikalsk struktur og vokal, inspirert av den indiske musikaren Ravi Shankar.[21][22] Songen var hovudsakleg skriven av Clark i november 1965, medan The Byrds var på turné i USA, og songen vart ein milepåle i overgangen frå folkrock til dei nye musikkformene psykedelia og ragarock.[21] Trass i dei mange nyskapande eigenskapane til songen, var det mange radiostasjonar i USA som ikkje spelte songen, fordi dei meinte tittelen var ein referanse til dopmisbruk.[23] Teksten omhandlar den omtrentlege flyhøgda til kommersielle fly og den første turen gruppa hadde til London under den engelske turneen deira i 1965,[24] men både Clark og rytmegitaristen David Crosby innrømde seinare at songen i alle fall delvis var inspirert av opplevingar med dop.[13][21]

Albumet inneheld songar skrivne av McGuinn, «5D (Fifth Dimension)» og «Mr. Spaceman», der den sistnemnde er eit tidleg steg mot countryrock med delvis seriøse tankar om eksistensen av utanomjordiske vesen.[24][25] Trass i den ironiske teksten, var både McGuinn og Crosby seriøse med tanke på å kommunisere med utanomjordiske livsformer via radio.[24] Særleg McGuinn meinte at om songen vart spelt på radio, så var det mogelegheiter for at utanomjordiske veseen kunne fange opp sendinga og ta kontakt.[24] Seinare forstod McGuinn at dette ville ha vore umogeleg sidan AM-radiobølgjer raskt blir spreidd og forsvinn i verdsrommet.[9]

«5D (Fifth Dimension)» var eit abstrakt forsøk på å forklare relativitetsteorien til Einstein, men mange misoppfatta songen som ein song om ein LSD-trip.[9][25] Magasinet Variety sette særleg søkelyset på «5D (Fifth Dimension)» kort tid etter han kom ut på singel, og hevda det var ein av ei rekkje nylege songar som inneheldt skjulte dopreferansar i teksten.[9] Dette førte til at somme radiostasjonar i Amerika nekta å spele songen.[26] Orgelet på «5D (Fifth Dimension)» vart spelt av Van Dyke Parks.[24]

McGuinn skreiv òg den siste songen på albumet, «2-4-2 Fox Trot (The Lear Jet Song)», som var eit forsøk på å skape ei lydbasert tilnærming til å fly i ein Learjet.[9] Songen var inspirert av venskapen til bandet med flyprodusenten John Lear og tittelen var ein referanse til registreringsnummeret til det personlege jetflyet til Lear, N242FT.[9][27] Songen inneheld mange flylydar, inkludert tale frå cockpiten før avgang og lyden av ein jetmotor som startar opp.[27] Sjølv om songen kan reknast som noko ein rar sistesong for eit album, slik Byrds hadde gjort på dei to førre albuma, tok både Crosby og McGuinn songen særs seriøst, og hevda det var eit nyskapande forsøk på å bruke mekaniske lydar i ein popsong.[24]

Ein av songane Crosby skreiv for albumet, «What's Happening?!?!», byrja hangen hans til å skrive abstrakte songar som stilte uoppløyselege spørsmål- ein trend som fortsette gjennom karrieren hans med Crosby, Stills & Nash og som soloartist. I eit intervju i 1966 innrømde Crosby at det var ein merkeleg song, og sa «Han stiller spørsmål om kva som skjer her og kven det heile høyrer til og kvifor alt skjer. Eg berre stiller spørsmåla fordi eg verkeleg ikkje veit svara.» Som «Eight Miles High» var songen kraftig inspirert av indisk musikk, med ein bordun gitar og melodi.[9] «What's Happening?!?!» er òg den første songen Crosby skreiv aleine for The Byrds.[24]

Crosby og McGuinn samarbeidde òg på den jazzaktige «I See You», som var nok eit døme på ein abstrakt tekst med raga-inspirert, psykedelisk gitarsolo.[1][20][25] Forfattaren Johnny Rogan skreiv at «I See You» var ein indikasjon på at The Byrds flytta seg bort frå dei mørke, romantiske songane til Clark, mot songar som utforska psykedeliske tilstandar.[9] Albumet inneheld òg den instrumentale «Captain Soul», som er tilskriven dei fire bandmedlemmane etter at han voks fram frå ein jam i studio basert på Lee Dorsey sin «Get Out of My Life, Woman», med Clark på munnspel.[7][24]

Av coverversjonane på Fifth Dimension finn ein Billy Roberts-songen «Hey Joe (Where You Gonna Go)», som vart mykje spelt av andre artistar òg i 1966, som Love, The Leaves og The Jimi Hendrix Experience.[24][28] Songen vart introdusert til The Byrds av Crosby, som òg song solovokal på innspelinga deira.[24] Crosby og venen Dino Valenti hadde vore viktige i å popularisere songen for musikkmiljøet i Los Angeles.[9][27] Crosby hadde ønskt å spele inn songen med The Byrds heilt sidan bandet vart skipa i 1964, men dei andre medlemmane hadde vore mindre entusiastiske.[9] I 1966 hadde fleire andre L.A.-baserte band fått suksess med «Hey Joe», og Crosby vart sint på resten av bandet som ikkje hadde tru på songen.[24] Til slutt gjekk dei andre Byrds-medlemmane med på å la Crosby få spele inn songen for Fifth Dimension.[24]

Ein annan coverlåt på albumet, «I Come and Stand at Every Door», er blitt kalla den mest makabre songen til Byrds av forfattaren Johnny Rogan.[24] Teksten i songen var basert på eit dikt av Nâzım Hikmet, og fortel soga om eit sju år gammalt barn som vert drepen i atombombeåtaket på Hiroshima.[24] Songen skildrar korleis anda til barnet no vandrar på jorda på leit etter fred i atomalderen.[1][24]

To tradisjonelle folkeviser er òg med på albumet, «John Riley» og «Wild Mountain Thyme». Dei vart begge introduserte for bandet av McGuinn, som hadde lært dei via innspelingane til høvesvis Joan Baez og Pete Seeger.[9] Richie Unterberger skreiv på Allmusic at både «John Riley» og «Wild Mountain Thyme» er «rein folkrock», og hylla arrangementa.[1]

Utgjeving og ettermæle endre

Fifth Dimension kom ut 18. juli 1966 i USA og 22. september 1966 i Storbritannia.[6] Albumet nådde 24. plassen på Billboard Top LPs-lista og låg 28 veker på lista, medan det nådde 27. plassen i Storbritannia.[10][11] Biletet på framsida av omslaget vart teken av det grafiske designbyrået Horn/Griner og var første gongen Byrds nytta ein fargerik, psykedelisk mosaikklogo.[25][29]

Singelen «Eight Miles High» kom ut 14. mars 1966 i USA og 29. april 1966 i Storbritannia. Han nådde 14. plassen på Billboard Hot 100 og 24. plassen på UK Singles Chart.[6][11][30] Den andre singelen, «5D (Fifth Dimension)», kom ut 13. juni 1966 i Amerika og 29. juli 1966 i Storbritannia. Han nådde 44. plassen på Billboard Hot 100, men gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia.[6][11][30] Ein tredje singel frå albumet, «Mr. Spaceman», kom ut 6. september 1966 og nådde 36. plassen på Billboard Hot 100, men gjekk heller ikkje inn på lista i Storbritannia.[6][30]

Fifth Dimension kom ut fekk det lunkne meldingar, sjølv om Hit Parader skildra det som «det tredje og beste albumet frå The Byrds».[29] Hit Parader-meldinga nemnde òg kontroversane kring dei to første singlane frå albumet og skreiv «Om den venlege radiostasjonen i nabolaget ditt bannlyste 'Eight Miles High' og '5D' kan du høyre på dei her og sjå at det ikkje er noko tvilsamt med desse. Den einaste faren er at du kan bli avhengig av den fengjande musikken.»[29]

Jon Landau skreiv i Crawdaddy! og var mindre entusiastisk om albumet og hevda at dei kunstnarisk feila etter Gene Clark forlet bandet.[29] Landau konkluderte med å sei at albumet «ikkje kan vurderast opp mot standarden som Byrds sette med dei to første og syner at dei burde vurdere å erstatte Gene Clark i staden for å berre fortsetje utan han.»[29] I Storbritannia var magasinet Disc òg kritisk og klaga på mangelen på energi: «Byrds er her med sin friske, spanande musikk, men høyrest ut som trøytte, gamle menn som ser attende på lukkelegare dagar. Dette høyrest verkeleg trist ut.»[29]

I nyare år skildra Richie Unterberger for Allmusic Fifth Dimension som «særs ujamt», og meinte at manglane på albumet hindra det frå «å oppnå verkeleg klassikarstatus».[1] Trass i at det er ujamt vert Fifth Dimension i dag rekna som eit særs inspirasjonsrikt overgangsalbum som er meir musikalsk eksperimentelt enn dei tidlegare utgjevingane deira.[7][9]

Albumet er inkludert i Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[31]

Fifth Dimension vart nymastra for 20-bit oppløysing og delvis miksa på nytt for Columbia/Legacy Byrds-serien.[32] Det kom ut i utvida format den 30. april 1996, med seks bonusspor, inkludert RCA-utgåvene av «Why» og «Eight Miles High».[1][24] Det siste sporet på den utvida CD-utgåva inneheld òg eit løynd spor med eit radiointervju med McGuinn og Crosby frå 1966.[33] Intervjuet hadde stille pausar mellom svara til gruppa, der folk i radio kunne setje inn sine eigne spørsmål, og gje inntrykk av at dei intervjua The Byrds personleg.[33]

Den 26. april 2005 gav Sundazed Records ut ei samling med unytta opptak frå Fifth Dimension-innspelingane kalla Another Dimension.[34]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«5D (Fifth Dimension)» (Jim McGuinn)2:33
2.«Wild Mountain Thyme» (tradisjonell, arrangert av Jim McGuinn, Chris Hillman, Michael Clarke, David Crosby)2:30
3.«Mr. Spaceman» (Jim McGuinn)2:09
4.«I See You» (Jim McGuinn, David Crosby)2:38
5.«What's Happening?!?!» (David Crosby)2:35
6.«I Come and Stand at Every Door» (Nâzım Hikmet)3:03
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Eight Miles High» (Gene Clark, Jim McGuinn, David Crosby)3:34
8.«Hey Joe (Where You Gonna Go)» (Billy Roberts)2:17
9.«Captain Soul» (Jim McGuinn, Chris Hillman, Michael Clarke, David Crosby)2:53
10.«John Riley» (tradisjonell, arrangert av Jim McGuinn, Chris Hillman, Michael Clarke, David Crosby)2:57
11.«2-4-2 Fox Trot (The Lear Jet Song)» (Jim McGuinn)2:12
Bonusspå på 1996-utgåva
Nr.TittelLengd
1.«Why» (singelutgåve - Jim McGuinn, David Crosby)2:59
2.«I Know My Rider (I Know You Rider)» (trad.arr. Jim McGuinn, Gene Clark, David Crosby)2:43
3.«Psychodrama City» (David Crosby)3:23
4.«Eight Miles High» (RCA-utgåva - Gene Clark, Jim McGuinn, David Crosby))3:19
5.«Why» (RCA-utgåva - Jim McGuinn, David Crosby)2:40
6.«John Riley» (Instrumental - trad. arr Jim McGuinn, Chris Hillman, Michael Clarke, David Crosby)16:53

Merknad

  • Den instrumentale versjonen av «John Riley» endar ved 3:10; ved 3:20 byrjar «Byrds Promotional Radio Interview»

Medverkande endre

Frå CD-heftet og So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973).[7][8][24][27][29]

The Byrds

Andre medverkande

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 «Fifth Dimension review». Allmusic. Henta 17. oktober 2010. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «The Byrds – Fifth Dimension CD Album« > »Product Reviews». CD Universe/Muze. Henta 27. desember 2018. 
  3. «The Byrds Fifth Dimension». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 22. desember 2017. Henta 27. desember 2018. 
  4. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 186. ISBN 1-57859-061-2. 
  5. «The Byrds: Album Guide». rollingstone.com. Henta 27. desember 2018.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 541–546. ISBN 0-95295-401-X. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 7,7 7,8 Fricke, David. (1996). Fifth Dimension (1996 CD liner notes). 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 80–87. ISBN 1-90600-215-0. 
  9. 9,00 9,01 9,02 9,03 9,04 9,05 9,06 9,07 9,08 9,09 9,10 9,11 9,12 9,13 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 177–186. ISBN 0-95295-401-X. 
  10. 10,0 10,1 Whitburn, Joel. (2002). Top Pop Albums 1955-2001. Record Research Inc. s. 121. ISBN 0-89820-147-0. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8. 
  12. 12,0 12,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 620. ISBN 0-9529540-1-X. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 152–158. ISBN 0-9529540-1-X. 
  14. Bellman, Jonathan. (1997). The Exotic In Western Music. Northeastern Publishing. s. 351. ISBN 1-55553-319-1. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 147–150. ISBN 0-9529540-1-X. 
  16. «Terry Melcher obituary». London: The Times. 23. november 2004. Henta 12. desember 2009. 
  17. Rogan, Johnny. (1996). Turn! Turn! Turn! (1996 CD liner notes). 
  18. 18,0 18,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 165–167. ISBN 0-9529540-1-X. 
  19. Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life and Legacy of The Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 87–88. ISBN 0-87930-793-5. 
  20. 20,0 20,1 «The Byrds Biography». AllMusic. Henta 27. desember 2018. 
  21. 21,0 21,1 21,2 21,3 Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life and Legacy of The Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 82–86. ISBN 0-87930-793-5. 
  22. Lavezzoli, Peter. (2007). The Dawn of Indian music in the West. Continuum International Publishing Group. s. 155–157. ISBN 0-8264-2819-3. 
  23. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 158–163. ISBN 0-9529540-1-X. 
  24. 24,00 24,01 24,02 24,03 24,04 24,05 24,06 24,07 24,08 24,09 24,10 24,11 24,12 24,13 24,14 24,15 24,16 Rogan, Johnny. (1996). Fifth Dimension (1996 CD liner notes). 
  25. 25,0 25,1 25,2 25,3 «Fifth Dimension». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Arkivert frå originalen 4. mai 2009. Henta 27. desember 2018. 
  26. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 97. ISBN 1-906002-15-0. 
  27. 27,0 27,1 27,2 27,3 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 93–95. ISBN 1-906002-15-0. 
  28. Stax, Mike. (1998). Nuggets: Original Artyfacts from the First Psychedelic Era, 1965–1968 (1998 CD box set liner notes). 
  29. 29,0 29,1 29,2 29,3 29,4 29,5 29,6 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 101–103. ISBN 1-906002-15-0. 
  30. 30,0 30,1 30,2 Whitburn, Joel. (2008). Top Pop Singles 1955-2006. Record Research Inc. s. 130. ISBN 0-89820-172-1. 
  31. Dimery, Robert (2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 9780789320896. 
  32. «The Byrds Remastered Albums 1996 – 2000». Byrds Flyght. Henta 27. desember 2018. 
  33. 33,0 33,1 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 108. ISBN 1-906002-15-0. 
  34. «Another Dimension review». AllMusic. Henta 27. desember 2018.