William Henry Bragg
William Henry Bragg (2. juli 1862–10. mars 1942) var ein engelsk fysikar.
Sir William Henry Bragg | |||
| |||
Fødd | William Henry Bragg 2. juli 1862 Wigton i Cumberland i England | ||
---|---|---|---|
Død | 10. mars 1942 (79 år) London i England | ||
Bustad | England | ||
Nasjonalitet | Britisk | ||
Område | fysikk, krystallografi, kjemi, matematikk | ||
Yrke | fysikar, kjemikar, lacrossespiller, universitetslærar, matematikar, krystallograf | ||
Institusjonar | University of Leeds University College London University of Adelaide | ||
Alma mater | Cambridge University | ||
Doktorgradsrettleiar | Edward Routh | ||
Doktorgradsstudentar | W. L. Bragg | ||
Kjend for | Røntgenkrystallografi | ||
Ektefelle | Gwendoline Todd | ||
Barn | William Lawrence Bragg, 2nd Lieut. Robert Charles Bragg | ||
Medlem | Royal Society Det ungarske vitskapsakademiet Det prøyssiske vitskapsakademiet National Academy of Sciences Accademia delle Scienze di Torino | ||
Religion | Anglisisme | ||
Merknader Han var far til William Lawrence Bragg. Far og son delte Nobelprisen. |
Bragg er kjent for arbeida sine med røntgenspektrografi og analyse av krystallstrukturar ved hjelp av røntgenstråler, og vart for dette tildelt Nobelprisen i fysikk for 1915 saman med sonen William Lawrence Bragg.
Bragg konstruerte dei første krystallspektrometra, medan ein trur prinsippet som dei bygger på, Bragg-lova, vart utleidd av sonen. Dei vert rekna som grunnleggjarane av den vitenskapsgren som ein kallar strukturanalyse og som no ikkje berre omfattar bruk av røntgenstråler, men òg elektron- og nøytronstråler.
Han var professor i fysikk i Adelaide i Australsambandet frå 1886 til 1908, og frå 1909 til 1915 var han professor i Leeds. Frå 1915 til 1925 var han professor ved University College i London, og fram til 1942 Fullerian professor i kjemi ved The Royal Institution i London og leiar av Davy–Faradays forskningslaboratorium.
Prisar (utval)
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «William Henry Bragg» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2012.
- William Henry Bragg. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 20. august 2013 frå http://snl.no/William_Henry_Bragg.