William Rowan Hamilton

Sir William Rowan Hamilton (4. august 18052. september 1865) var ein irsk matematikar, fysikar og astronom som laga viktige bidrag til utviklinga innan optikk, dynamikk og algebra.

William Rowan Hamilton

Fødd4. august 1805
Dublin
Død2. september 1865
Dublin
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Områdematematikk, mekanikk, astronomi, fysikk, matematisk fysikk, optikk, kvaternion
Yrkematematikar, fysikar, astronom, akademikar, universitetslærar, teoretisk fysikar
Alma materTrinity College
Westminster School
University of Dublin
EktefelleHelen Maria Bayly
BarnWilliam Edwin Hamilton
MedlemRoyal Society
National Academy of Sciences
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
American Academy of Arts and Sciences
Royal Irish Academy
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Accademia delle Scienze di Torino
Det russiske vitskapsakademiet

Hamilton synte seg som eit enorm talent frå særs tidleg alder, som astronom biskop Dr. John Brinkley skreiv i 1823 då Hamilton var atten: «This young man, I do not say will be, but is, the first mathematician of his age.»

Han var direktør for observatoriet i Dublin. Han var særleg flink med språk og kunne 13 språk då han var 13 år gammal. 22 år gammal vart han utnemnd til professor ved universitetet i Dublin. Det første arbeidet hans omhandlar grunnlaget for optikken og mekanikken. Han føresåg den koniske brytinga til lyset i krystallar, eit fenomen som vart funnen kort tid etter. Dei hamiltonske likningane er òg grunnlaget for den moderne kvantemekanikken. Hamilton innleia studiet av dei hyperkomplekse tala ved oppdaginga av såkalla kvaternion, og var òg ein sentral person innanfor grafteorien.

Kjelder

endre

«William_Rowan_Hamilton» i Store norske leksikon, snl.no.