Writer av Carole King

Writer
Studioalbum av Carole King
Utgjeve Mai 1970
Innspelt Mars–april 1970
Studio Crystal Sound i Hollywood i Los Angeles
Sjanger Pop
Lengd 44:11
Selskap Ode / A&M (originalutgåve)
Ode / Epic (nyutgjeving)
Produsent John Fischbach
Carole King-kronologi
Writer Tapestry
(1971)


Writer er debutalbumet til den amerikanske songar-låtskrivaren Carole King, gjeve ut i mai 1970. King hadde alt hatt ein suksessrik karriere som låtskrivar og vore ein del av The City, ei kortvarig gruppe ho skipa etter etter ho flytta til Los Angeles i 1968. Av spor på albumet finn ein «Up on the Roof», som nådde fjerdeplassen på den amerikanske hitlista for The Drifters i 1962, og «Child of Mine», som var blitt spelt inn av Billy Joe Royal,[3] blant andre. Albumet fekk lite merksemd då det kom ut, men gjekk inn på albumlista etter suksessen til det neste albumet til King, Tapestry, i 1971. Albumet vart produsert av John Fischbach, som var med å skipe studioet Crystal Sound der albumet vart spelt inn.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]
Christgau's Record GuideB[2]

Albumet fekk positive meldingar frå kritikarane, og AllMusic skreiv at det var det «mest undervurderte av alle dei originale albuma hennar».[1] Og i ei melding som òg omfatta Tapestry i Rolling Stone, skreiv Jon Landau «Writer var ei velsigning trass i feila sine» og at sjølv om «produksjonen var dårleg», gjorde King sjølv albumet «absolutt verdt det».[4]

InnhaldEndra

Alle songar skrivne av Gerry Goffin og Carole King; tekst for «Raspberry Jam» og «What Have You Got to Lose» av Toni Stern.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Spaceship Races»3:09
2.«No Easy Way Down»4:36
3.«Child of Mine»4:05
4.«Goin' Back»3:20
5.«To Love»3:39
6.«What Have You Got to Lose»3:33
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Eventually»5:01
8.«Raspberry Jam»4:35
9.«Can't You Be Real»3:00
10.«I Can't Hear You No More»2:46
11.«Sweet Sweetheart»2:46
12.«Up on the Roof»3:37

MedverkandeEndra

ProduksjonEndra

  • John Fischbach – produsent
  • Andrew Berliner – lydteknikar
  • Gerry Goffin – miksing
  • Guy Webster – fotograf
  • Tom Neuwirth – fotograf på innsida
  • Rod Dyer, Paul Bruhwiler – layout, design

SalslisterEndra

Liste (1971) Plassering
Kanadiske RPM-lista[5] 62
Den japanske albumlista[6] 67
US Billboard Top LPs[7] 84

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Eder, Bruce. Writer av Carole KingAllmusic
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: K». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 28. februar 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. Billy Joe Royal, The Very Best of Billy Joe Royal: The Columbia Years (1965-1972) Henta 23. september 2012.
  4. Landau, Jon (29. april 1971). «Carole King Writer & Tapestry > Music Review». Rolling Stone (81). Arkivert frå originalen 2. oktober 2007. Henta 14. mai 2022. 
  5. Library and Archives Canada. Henta 14. mai 2022
  6. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970-2005 (på japansk). Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  7. Allmusic - Carole King > Writer > Charts & Awards > Billboard Albums