Xinzheng er ein by med rang som byfylke i provinsen Henan i Folkerepublikken Kina. I 1999 var folkesetnaden på 608 567.[1]

Xinzheng
新郑, Xīnzhèng
Land  Folkerepublikken Kina
Kart
Xinzheng
34°23′46″N 113°43′30″E / 34.39621°N 113.7249°E / 34.39621; 113.7249
Wikimedia Commons: Xinzheng

Xinzheng ligg sør for provinshovudstaden Zhengzhou og bli i dag rekna som ein satellittby til hovudstaden. Mot aust ligg storbyen Kaifeng, mot sør er Xuchang og mot vest er Luoyang.

Han er ein av dei byane i Henan som blei utvalde som stadar for reform og liberaliseringseksperiment.

Xinzheng ligg i eit jordbruksdistrikt med m.a. kveite, mais, bomull og tobakk. Området er berømt for kinesiske dadlar (jujube). Det er òg rikt på mineral som kol, bauxitt og silisium.

Historie endre

Xinzheng er hevda å vera fødestaden til det legendariske Xuanyuan Huangdi, ("Den gule keisaren"), som ifølgje mytane er stamfaren til det kinesiske folket. Han skal ha gjort Xinzheng til sin hovudstad og lokalt reknar ein difor med at heile den kinesiske kulturen har utspring derfrå. Det som i alle fall er sikkert frå arkeologiske funn, er at staden hadde bufast folkesetnad allereie 6000 år f.Kr. (Peiligangkulturen).

Under Vår- og haustannaltida (770–446 f.Kr.) var Xinzheng i fleire hundreår hovudstaden til Han-staten. Xinzheng er rekna som ein av «ti kinesiske oldtidshovudstader».

Samferdsel endre

Rriksveg 107 i Kina fører gjennom området. Han går frå Beijing til Shenzhen, og går også innom provinshovudstadene Shijiazhuang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Guangzhou.

Kjelder endre

  1. National Population Statistics Materials by County and City – 1999 Period, in China County & City Population 1999, Harvard China Historical GIS

Bakgrunnsstoff endre