Xuchang
Xuchang (kinesisk skrift 许昌; pinyin Xǔchāng) er eit byprefektur midt i provinsen Henan i det sentrale Kina. Byprefekturet har eit areal på 4 997 km² og hadde vel 4,3 millionar ibuarar i 2010.
Xuchang | |||
byprefektur | |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Areal | 4 978,83 km² | ||
Folketal | 4 307 488 (2010) | ||
Xuchang 34°01′28″N 113°49′13″E / 34.02444°N 113.82014°E | |||
Plasseringa av Xuchang-prefekturet i Henan.
| |||
Wikimedia Commons: Xuchang |
Byprefekturet Xuchang omfattar eitt bydistrikt (区 qū), to byfylke (市 shì) og tre fylke (县 xiàn).
Næringsliv
endreXuchang er eit senter for tobakksindustrien i Kina. Området er elles kjent for sin eksport av hår.
Samferdsle
endreJingguangbana, toglinja mellom Beijing i nord og Guangzhou i sør, har stoppestad her. Denne sterkt trafikkerte jarnbanelinja er også innom mellom andre Baoding, Shijiazhuang, Handan, Anyang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Shaoguan.
Riksveg 107 i Kina går gjennom området. Han fører frå Beijing til Shenzhen og er innom provinshovudstadene Shijiazhuang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Guangzhou. Også Kinas riksveg 311 går gjennom Xuchang. Han tek til i Xuzhou og går gjennom provinsen Anhui og vidare inn i Henan, der han endar opp i fylket Xixia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Xuchang» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2012.