Yapacanamaurfugl
art av sporvefuglar
Yapacanamaurfugl, Aprositornis disjuncta, er ein fugl i maurfuglfamilien. Arten finst i Brasil, Colombia og Venezuela. Han har habitat i subtropisk til tropisk våt låglandsskog. I Venezuela òg i savanne med bambus eller anna tett vegetasjon, og lever lågt i vegetasjonen opp til 100 moh. Utbreiinga i Venezuela ligg i Yapacana, lengst sørvest i Amazonas i Venezuela.
Yapacanamaurfugl | |
Yapacanamaurfugl | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Yapacanamaurfugl | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Maurfuglar Thamnophilidae |
Slekt: | Fugleslekta Myrmeciza Myrmeciza |
Art: | Yapacanamaurfugl M. disjuncta |
Vitskapleg namn | |
Myrmeciza disjuncta |
Yapacanamaurfugl er 13,5 centimeter i lengd og veg 14 til 15 gram. Hannfuglen har gjennomgåande mørk gråblå overside med lysare underside, to vengeband med små kvite flekker. Hoa har gulbrunt i undersida og manglar vengeband.
Kjelder
endre- Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Yapacanamaurfugl
- BirdLife International (2014) Species factsheet: Aprositornis disjuncta Arkivert 2013-12-26 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 24. august 2014.